Tanaidar
Tanaidar (Tanaidacea) er ein krepsdyrorden i klassen storkreps. Ordenen omfattar rundt 940 artar. Tanaidane står nær isopodane, men har eit ganske lite ryggskjold. Dei lever er høgst 20 mm lange og lever i hovudsakleg i saltvatn frå stranda ned til havdjupner på over 6000 m. Dei finst òg i estuar og nokre gonger i ferskvatn ved kysten. Tanaidane har kraftige klosakser på det første beinparet. Nokre artar er augelause.
Tanaidar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Overklasse: | Multicrustacea |
Klasse: | Storkreps Malacostraca |
Underklasse: | Eumalacostraca |
Overorden: | Peracarida |
Orden: | Tanaidar Tanaidacea Dana, 1849 |
Kjelder
endre«tanaider» i Store norske leksikon, snl.no.