Tangara
Tangara er ei stor biologisk slekt av fuglar i tanagarfamilien som femnar om ca. 50 artar. Alle er neotropiske, og medan dei fleste er ganske utbreidde, har somme avgrensa distribusjonar og er truga. Dei er ganske små, og varierer i storleik frå 11,5 til 15 centimeter. Denne slekta inneheld nokre av dei mest spektakulært farga fuglane i verda.
Tangara | |
Brunhovudtanagar, Tangara gyrola Foto: Julian Londono
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tanagarar Thraupidae |
Slekt: | Tangara Brisson, 1760 |
Desse tanagarane lever hovudsakleg høgt i trekronene, men nokre er tilpassa meir ope habitat. Dei finst i alle høgder under tregrensa, men er mest mangfaldige i subtropiske område i Andes og i skogane nær fjellsidene i Colombia, Ecuador og Peru.
Hoa byggjer eit vanlegvis godt skjult koppforma reir og legg to kvite egg med brune eller lilla flekker. Egga blir klekkt etter 13-14 dagar og ungane er flygedyktige etter ytterlegare 15-16 dagar. Begge kjønn matar ungane på insekt og frukt, og kan òg få bidrag av hjelparar.
Tangara-tanagarane plukkar insekt frå blad, nokon gonger i flukt, men frukt er eit viktig element av dietten, frukter stod for 53-86 % av føda blant artar som blei studerte.
Artslista
endreTangara i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Kippatanagar, Tangara ruficervix, Golden-naped Tanager, LC, Prévost & Des Murs, 1846
- Svarthovudtanagar, Tangara cyanoptera, Black-headed Tanager, LC, Swainson, 1834
- Sølvtanagar, Tangara viridicollis, Silvery Tanager, LC, Taczanowski, 1884
- Svartkronetanagar, Tangara heinei, Black-capped Tanager, LC, Cabanis, 1850
- Platinatanagar, Tangara argyrofenges, Green-throated Tanager, VU, Sclater & Salvin, 1876
- Siratanagar, Tangara phillipsi, Sira Tanager, NT, Graves & Weske, 1987
- Asurtanagar, Tangara cabanisi, Azure-rumped Tanager, EN, Sclater, 1866
- Glittertanagar, Tangara palmeri, Gray-and-gold Tanager, LC, Hellmayr, 1909
- Svartryggtanagar, Tangara peruviana, Black-backed Tanager, VU, Desmarest, 1806
- Koparyggtanagar, Tangara preciosa, Chestnut-backed Tanager, LC, Cabanis, 1850
- Sandiatanagar, Tangara meyerdeschauenseei, Green-capped Tanager, VU, Schulenberg & Binford, 1985
- Topastanagar, Tangara cayana, Burnished-buff Tanager, LC, Linné, 1766
- Grenadatanagar, Tangara cucullata, Lesser Antillean Tanager, LC, Swainson, 1834
- Krattanagar, Tangara vitriolina, Scrub Tanager, LC, Cabanis, 1850
- Ishovudtanagar, Tangara nigrocincta, Masked Tanager, LC, Bonaparte, 1838
- Gullhettetanagar, Tangara larvata, Golden-hooded Tanager, LC, Du Bus De Gisignies, 1846
- Blåhovudtanagar, Tangara cyanicollis, Blue-necked Tanager, LC, D'Orbigny & Lafresnaye, 1837
- Asurvengtanagar, Tangara varia, Dotted Tanager, LC, Müller, 1776
- Ruststrupetanagar, Tangara rufigula, Rufous-throated Tanager, LC, Bonaparte, 1851
- Dropletanagar, Tangara guttata, Speckled Tanager, LC, Cabanis, 1850
- Gulbuktanagar, Tangara xanthogastra, Yellow-bellied Tanager, LC, Sclater, 1851
- Flekktanagar, Tangara punctata, Spotted Tanager, LC, Linné, 1766
- Blåtanagar, Tangara vassorii, Blue-and-black Tanager, LC, Boissonneau, 1840
- Berylltanagar, Tangara nigroviridis, Beryl-spangled Tanager, LC, Lafresnaye, 1843
- Paljettanagar, Tangara dowii, Spangle-cheeked Tanager, LC, Salvin, 1863
- Darientanagar, Tangara fucosa, Green-naped Tanager, NT, Nelson, 1912
- Talassintanagar, Tangara labradorides, Metallic-green Tanager, LC, Boissonneau, 1840
- Turkisbryntanagar, Tangara cyanotis, Blue-browed Tanager, LC, Sclater, 1858
- Gråtanagar, Tangara inornata, Plain-colored Tanager, LC, Gould, 1855
- Kobolttanagar, Tangara mexicana, Turquoise Tanager, LC, Linné, 1766
- Paradistanagar, Tangara chilensis, Paradise Tanager, LC, Vigors, 1832
- Opalgumptanagar, Tangara velia, Opal-rumped Tanager, LC, Linné, 1758
- Prinsessetanagar, Tangara callophrys, Opal-crowned Tanager, LC, Cabanis, 1849
- Turkishovudtanagar, Tangara seledon, Green-headed Tanager, LC, Müller, 1776
- Palettanagar, Tangara fastuosa, Seven-colored Tanager, VU, Lesson, 1831
- Raudnakketanagar, Tangara cyanocephala, Red-necked Tanager, LC, Müller, 1776
- Massingtanagar, Tangara desmaresti, Brassy-breasted Tanager, LC, Vieillot, 1819
- Gullsnittanagar, Tangara cyanoventris, Gilt-edged Tanager, LC, Vieillot, 1819
- Brunvengtanagar, Tangara lavinia, Rufous-winged Tanager, LC, Cassin, 1858
- Brunhovudtanagar, Tangara gyrola, Bay-headed Tanager, LC, Linné, 1758
- Rustkinntanagar, Tangara rufigenis, Rufous-cheeked Tanager, LC, Sclater, 1857
- Gullkinntanagar, Tangara chrysotis, Golden-eared Tanager, LC, Du Bus De Gisignies, 1846
- Safrankronetanagar, Tangara xanthocephala, Saffron-crowned Tanager, LC, Tschudi, 1844
- Eldhovudtanagar, Tangara parzudakii, Flame-faced Tanager, LC, Lafresnaye, 1843
- Sitrontanagar, Tangara schrankii, Green-and-gold Tanager, LC, Spix, 1825
- Blåskjeggtanagar, Tangara johannae, Blue-whiskered Tanager, NT, Dalmas, 1900
- Gulltanagar, Tangara arthus, Golden Tanager, LC, Lesson, 1832
- Smaragdtanagar, Tangara florida, Emerald Tanager, LC, Sclater & Salvin, 1869
- Sølvstrupetanagar, Tangara icterocephala, Silver-throated Tanager, LC, Bonaparte, 1851
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tangara (genus)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2014.
Referansar
endre- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)