Tanagarar

familie av sporvefuglar
(Omdirigert frå Tanagarfamilien)

Tanagarar er ein familie Thraupidae i ordenen Passeriformes med distribusjon avgrensa til Amerika.

Tanagarar
Turkishovudtanagar, Tangara seledon Foto: Lars Falkdalen Lindahl
Turkishovudtanagar, Tangara seledon
Foto: Lars Falkdalen Lindahl
Utbreiing
Utbreiinga av tanagarar
Utbreiinga av tanagarar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Cabanis, 1847

Dette er ei stor gruppe av meir enn 390 artar i 107 biologiske slekter. Med omsyn på fjørdrakt og morfologi, er artane mangslugne, med få felles trekk. Vitskapen følger fylogenetiske relasjoner når han avgrenser familien med si samling av slekter. Slekta Tangara illustrerer mangfaldet, 44 artar med varierte fargekombinasjonar, og med med ulike krav til leveområdet. Dei mest intense fargene finst i slekta Ramphocelus. Føda til artane i familien er frukt, insekt og nektar.

Skildring

endre

Tanagarar er små til mellomstore fuglar. Den minste arten er kvitøyrekjeglenebb, Conirostrum leucogenys, med lengd på 9 cm og ei vekt på 7 gram. Den største arten i lengd, er skjortanagar, Cissopis leverianus, som måler 28 cm og har ei vekt på 76 gram. Men den tyngste er kvitkronetanagar, Sericossypha albocristata med ei normalvekt på 114 gram, men som berre måler 23 cm. Kjønna har vanlegvis same vekt og storleik. Tanagarane har ofte kraftfulle farger i fjørdrakta, men visse artar er berre svartkvite. Første året har ungfuglane oftast ei mindre fargesterk variant av den vaksne fjørdrakta eller ei annleis teikning. Hannane er ofte meir kraftfullt teikna enn hoene.

Storparten av tanagarane har korte, runde venger. Forma på nebbet verkar å stå i sterkt samband med dietten til den spesifikke arten.

Utbreiing

endre

Tanagarar finn vi berre i «den nye verda» og då først og fremst i tropane. Kring 60 % av artane lever i Sør-Amerika, og 30 % av desse i Andes. Dei fleste av artane er til og med endemiske for eit relativt avgrensa område. 18 artar er standfuglar i Nord-Amerika og Sentral-Amerika.

Levevis

endre

Fleirtalet av artane i familien lever parvis eller i mindre grupper på 3-5 individ, der slike familiegrupper heilt enkelt kan bestå av eit foreldrepar og etterfylgjarane deira. Individ kan opptre einslege eller i større flokkar. Tanagarar er ikkje kjente som gode songarar, men somme artar har utvikla varierte songar.

Føda

endre

Tanagarar er altetarar, og dietten varierer frå slekt til slekt. Føda er sett saman av frukt, frø, nektar, delar av blomar og insekt. Artane kan vere mykje spesialiserte på å søke føde på sitt spesifikke vis. Visse artar plukkar insekt frå greiner, andre frå undersida av blad medan andre fangar insekt i flukt. Ofte lever desse spesialiserte artane i overlappande område, slik at spesialiseringa minimerer konkurransen om maten.

Hekking

endre

Hekksesongen startar i mars og går føre seg til juni i de tempererte områda og i september til oktober i Sør-Amerika. Visse artar hevdar revir medan andre bygger reir i koloniar. Det finst lite informasjon om hekkevanane og om dei er monogame eller polygame. Hannane viser fram dei mest fargerike fjøra både for hoer og for rivaliserande hannar og somme artar har kurtisering med å vise bøygning og løfting av stjerten.

Fleirtalet av artar er trehekkarar som byggjer sylindriske reir, men nokre reir kan vere nær sfæriske og opninga er nesten alltid på sida av reiret. Byggjemåtar og plassering av reira varierer etter slekt. Dei fleste artane hekkar i tett vegetasjon, men hekkeforhold for somme artar er framleis ukjente.

Blant artane vi har informasjon om varierer kulla på frå tre til fem egg. Hoer rugar og bygger bustaden, men hannen kan mate hoa i rugetida. Begge foreldre tar hand om ungane, men ein kjenner til fem artar som òg har hjelp med å gje ungane føde. Desse medhjelparane trur ein er årsungar.

 
Brasiltanagar
 
Ilustration av mangfaldet blant darwinfinkar
 
Kolfrøetar, Sporophila corvina, hann
 
Bispetanagar, Thraupis episcopus
 
Sitrontanagar, Tangara schrankii

Taksonomi

endre

Akkurat som med mange andre familiar av sporvefuglar er taksonomien kring familien tanagarar i endring. I og med at fleire og fleire artar vert DNA-undersøkte, så finn ein slektsforhold mellom slekter og familiar innan ordenen sporvefuglar som ikkje har vore kjente. Slektene Euphonia og Chlorophonia, som tradisjonelt var medlemmer i familien, er allereie omkategorisert og tatt inn som medlemmer i finkefamilien (Fringillidae). På same vis er slektene Piranga, Chlorothraupis og Habia tatt inn i kardinalfamilien.[1]

Noverande slekter

endre

Tanagarfamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Slekt Orchesticus, bruntanagar, Orchesticus abeillei, Brown Tanager, Lesson, 1839, (NT)
  • Slekt Paroaria, 6 artar
  • Slekt Schistochlamys, 2 artar
  • Slekt Cissopis, skjortanagar, Cissopis leverianus, Magpie Tanager, Gmelin, 1788, (LC)
  • Slekt Neothraupis, varslartanagar, Neothraupis fasciata, White-banded Tanager, Lichtenstein, 1823, (NT)
  • Slekt Conothraupis, 2 artar
  • Slekt Lamprospiza, raudnebbtanagar, Lamprospiza melanoleuca, Red-billed Pied Tanager, Vieillot, 1817, (LC)
  • Slekt Compsothraupis, raudstrupetanagar, Compsothraupis loricata, Scarlet-throated Tanager, Lichtenstein, 1819, (LC)
  • Slekt Sericossypha, kvitkronetanagar, Sericossypha albocristata, White-capped Tanager, Lafresnaye, 1843, (VU)
  • Slekt Nemosia, 2 artar
  • Slekt Creurgops, 2 artar
  • Slekt Orthogonys, klortanagar, Orthogonys chloricterus, Olive-green Tanager, Vieillot, 1819, (LC)
  • Slekt Kleinothraupis, 4 artar
  • Slekt Sphenopsis, 2 artar
  • Slekt Thlypopsis, 8 artar
  • Slekt Microspingus, 8 artar
  • Slekt Cypsnagra, kvitgumptanagar, Cypsnagra hirundinacea, White-rumped Tanager, Lesson, 1823, (LC)
  • Slekt Nephelornis, pardusco, Nephelornis oneilli, Pardusco, Lowery & Tallman, 1976, (LC)
  • Slekt Trichothraupis, maskaratanagar, Trichothraupis melanops, Black-goggled Tanager, Vieillot, 1818, (LC)
  • Slekt Eucometis, gråhovudtanagar, Eucometis penicillata, Gray-headed Tanager, Spix, 1825, (LC)
  • Slekt Tachyphonus, 8 artar
  • Slekt Lanio, 4 artar
  • Slekt Ramphocelus, 9 artar
  • Slekt Calochaetes, sinobertanagar, Calochaetes coccineus, Vermilion Tanager, Sclater, 1858, (LC)
  • Slekt Cyanicterus, blåryggtanagar, Cyanicterus cyanicterus, Blue-backed Tanager, Vieillot, 1819, (LC)
  • Slekt Bangsia, 5 artar
  • Slekt Wetmorethraupis, oransjestrupetanagar, Wetmorethraupis sterrhopteron, Orange-throated Tanager, Lowery & O'Neill, 1964, (VU)
  • Slekt Buthraupis, 2 artar
  • Slekt Cnemathraupis, 2 artar
  • Slekt Chlorornis, grøntanagar, Chlorornis riefferii, Grass-green Tanager, Boissonneau, 1840, (LC)
  • Slekt Anisognathus, 5 artar
  • Slekt Dubusia, 2 artar
  • Slekt Pseudosaltator, raudbuksaltator, Pseudosaltator rufiventris, Rufous-bellied Mountain-Tanager, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (NT)
  • Slekt Stephanophorus, diademtanagar, Stephanophorus diadematus, Diademed Tanager, Temminck, 1823, (LC)
  • Slekt Iridosornis, 5 artar
  • Slekt Pipraeidea, 2 artar
  • Slekt Chlorochrysa, 3 artar
  • Slekt Thraupis, 8 artar
  • Slekt Ixothraupis, 5 artar
  • Slekt Tangara, 44 artar
  • Slekt Tersina, svaletanagar, Tersina viridis, Swallow Tanager, Illiger, 1811, (LC)
  • Slekt Dacnis, 9 artar daknisar
  • Slekt Cyanerpes, 4 artar honningkryparar
  • Slekt Chlorophanes, grønhonningkrypar, Chlorophanes spiza, Green Honeycreeper, Linné, 1758, (LC)
  • Slekt Iridophanes, honningtanagar, Iridophanes pulcherrimus, Golden-collared Honeycreeper, Sclater, 1853, (LC)
  • Slekt Heterospingus, 2 artar
  • Slekt Hemithraupis, 3 artar
  • Slekt Chrysothlypis, 2 artar
  • Slekt Conirostrum, 11 artar kjeglenebb
  • Slekt Xenodacnis, meisedaknis, Xenodacnis parina, Tit-like Dacnis, Cabanis, 1873, (LC)
  • Slekt Diglossa, 18 artar blomsterborarar
  • Slekt Catamblyrhynchus, plysjpanne, Catamblyrhynchus diadema, Plushcap, Lafresnaye, 1842, (LC)
  • Slekt Urothraupis, sottanagar, Urothraupis stolzmanni, Black-backed Bush Tanager, Taczanowski & Berlepsch, 1885, (LC)
  • Slekt Porphyrospiza, blåsporv, Porphyrospiza caerulescens, Blue Finch, Wied, 1830, (NT)
  • Slekt Phrygilus, 9 artar
  • Slekt Idiopsar, 2 artar
  • Slekt Diuca, diukasporv, Diuca diuca, Common Diuca-Finch, Molina, 1782, (LC)
  • Slekt Melanodera, 2 artar
  • Slekt Geospizopsis, 2 artar
  • Slekt Haplospiza, guaranisporv, Haplospiza unicolor, Uniform Finch, Cabanis, 1851, (LC)
  • Slekt Spodiornis, skuggesporv, Spodiornis rusticus, Slaty Finch, Tschudi, 1844, (LC)
  • Slekt Acanthidops, spissnebbsporv, Acanthidops bairdi, Peg-billed Finch, Ridgway, 1882, (LC)
  • Slekt Lophospingus, 2 artar
  • Slekt Donacospiza, røyrsporv, Donacospiza albifrons, Long-tailed Reed Finch, Vieillot, 1817, (LC)
  • Slekt Rowettia, goughsporv, Rowettia goughensis, Gough Island Finch, Clarke, 1904, (CR)
  • Slekt Nesospiza, 2 artar
  • Slekt Piezorina, piurasporv, Piezorina cinerea, Cinereous Finch, Lafresnaye, 1843, (LC)
  • Slekt Xenospingus, smalnebbsporv, Xenospingus concolor, Slender-billed Finch, D'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (NT)
  • Slekt Incaspiza, 5 artar
  • Slekt Pseudospingus, 2 artar
  • Slekt Cnemoscopus, gråhettetanagar, Cnemoscopus rubrirostris, Gray-hooded Bush Tanager, Lafresnaye, 1840, (LC)
  • Slekt Castanozoster, brunbeltesporv, Castanozoster thoracicus, Bay-chested Warbling-Finch, Nordmann, 1835, (LC)
  • Slekt Poospiza, 11 artar
  • Slekt Sicalis, 13 artar
  • Slekt Emberizoides, 3 artar
  • Slekt Embernagra, 2 artar
  • Slekt Volatinia, jakarinisporv, Volatinia jacarina, Blue-black Grassquit, Linné, 1766, (LC)
  • Slekt Sporophila, 40 artar frøetarar
  • Slekt Catamenia, 3 artar
  • Slekt Charitospiza, meisesporv, Charitospiza eucosma, Coal-crested Finch, Oberholser, 1905, (NT)
  • Slekt Coryphaspiza, svartkinnsporv, Coryphaspiza melanotis, Black-masked Finch, Temminck, 1822, (VU)
  • Slekt Coryphospingus, 2 artar
  • Slekt Rhodospingus, karminsporv, Rhodospingus cruentus, Crimson-breasted Finch, Lesson, 1844, (LC)
  • Slekt Gubernatrix, grønkardinal, Gubernatrix cristata, Yellow Cardinal, Vieillot, 1817, (EN)
  • Slekt Coereba, banansmett, Coereba flaveola, Bananaquit, Linné, 1758, (LC)
  • Slekt Tiaris, 5 artar
  • Slekt Euneornis, brunhake, Euneornis campestris, Orangequit, Linné, 1758, (LC)
  • Slekt Loxigilla, 4 artar
  • Slekt Melopyrrha, negritosporv, Melopyrrha nigra, Cuban Bullfinch, Linné, 1758, (LC)
  • Slekt Loxipasser, gulryggsporv, Loxipasser anoxanthus, Yellow-shouldered Grassquit, Gosse, 1847, (LC)
  • Slekt Melanospiza, beksporv, Melanospiza richardsoni, St. Lucia Black Finch, Cory, 1886, (EN)
  • Slekt Pinaroloxias, cocosporv, Pinaroloxias inornata, Cocos Finch, Gould, 1843, (VU)
  • Slekt Certhidea, 2 artar
  • Slekt Platyspiza, vegetarsporv, Platyspiza crassirostris, Vegetarian Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Slekt Camarhynchus, 5 artar
  • Slekt Geospiza, 9 artar
  • Slekt Parkerthraustes, skjelstrupetjukknebb, Parkerthraustes humeralis, Yellow-shouldered Grosbeak, Lawrence, 1867, (LC)
  • Slekt Saltatricula, 2 artar
  • Slekt Saltator, 14 artar

Historikk

endre
Omskiftingar internt i familien siste åra
Flytta ut frå Thraupidae
Til familien Passerellidae, amerikanske sporvar
Til kardinalfamilien, Cardinalidae
Til finkefamilien, Fringillidae
Til nyleg oppretta familiar

Referansar

endre

Notar

endre
  1. Yuri, T., and D. P. Mindell (2002) Molecular phylogenetic analysis of Fringillidae, "New World nine-primaried oscines" (Aves: Passeriformes), Mol. Phylogen. Evol. nr.23, sid:229-243.
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Kjelder

endre

Artikkelen kjem frå engelsk wikipediaartikkel Tanager, gjennom tilsvarande wikipediaartikkel på svensk lest 10. august 2008, der føljande kjelder er gjevne:

  • Bent, A. (1965) Life Histories of Blackbirds, Orioles, Tanagers, and Allies. New York:Dover Publications, sid:549.
  • Burns, K. J., S. J. Hackett, and N. K. Klein. (2002) Phylogenetic relationships and morphological diversity in Darwin's finches and their relatives. Evolution, nr.56 sid:1240-1252.
  • Burns, K. J., S. J. Hackett, and N. K. Klein. (2003) Phylogenetic relationships of Neotropical honeycreepers and the evolution of feeding morphology. J. Avian Biology, nr.34 sid:360-370
  • Greeney, H. (2005) Nest and eggs of the Yellow-whiskered Bush Tanager in Eastern Ecuador., Ornitologia Neotropical, nr.16, sid:437-438.
  • Infonatura. 2005 June. Birds, mammals, and amphibians of Latin America, läst 4 mars 2006.
  • Isler M. Isler P. (1987) The Tanagers a Natural History, Distribution, and Identification. Washington D.C., Smithsonian Institution Press, sid:404.
  • Klicka, Burns & Spellman. (2007) Defining a monophyletic Cardinalidae: a molecular perspective., sid:36 (sammanfattning PDF)
  • Montereybay. 2000 July. 6-11. Tanagers: Thraupidae Arkivert 2008-01-19 ved Wayback Machine., vitja 4. mars 2006.
  • Naoki, K. (2003) Evolution of Ecological Diversity in the Neotropical Tanagers of the Genus Tangara (Aves: Thraupidae).
  • Sato, A., C. O'Huigin, F. Figueroa, P. R. Grant, B. R. Grant, H. Tichy, and J. Klein. (1999) Phylogeny of Darwin's finches as revealed by mtDNA sequences. Proc. Nat. Acad. Sci. nr.96, sid:5101-5106.
  • Larsson, Lars (2001) Birds of the World, CD-rom
  • Lagerqvist, Markus (2008) Trassliga familieförhållanden, Roadrunner, vol.16, nr.1, sid:36-43

Fuglenamn på norsk er frå:

  • Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tanagarar