Tante

(Omdirigert frå Tanta)

Ei tante er systera eller versystera til far eller mor. Tilsvarande, men meir avgrensa tyding har orda faster (fars syster) eller moster.

Nemninga tante kan også bli bruka om kvinner som har ansvar for små born, til dømes barnehagetanter eller parktanter. Meir generelt kan nemninga bli bruka om ei eldre kvinne i høve til yngre menneske.

Nemningane tante, faster og moster vert ofte brukt som ein tittel framom namnet til ein person.

Ordsoge endre

Ordet «tante» har komme til norsk gjennom tysk og fransk frå latin amita. T-en fremst i ordet er truleg eit tillegg som har kome gjennom barnespråk. Ordet amita har samanheng med ordet amme.

Orda faster og moster er kortformer av 'farsyster' og 'morsyster' og har norsk opphav.

Kjelder endre