Taramakau-elva
(Omdirigert frå Taramakau River)
Taramakau-elva er ei elv nordvest på Sørøya på New Zealand i distriktet Westland. Ho har utspringet i Dampier and Crawford Ranges[1] i Søralpane, 80 kilometer aust for Hokitika, like under Harper's Pass. Elva renn 75 km i vestleg retning og munnar ut i Tasmanhavet, 15 km sør for Greymouth.
Taramakau-elva Taramakau River | |||
elv | |||
Kabelferje over Taramakau River ca. 1890.
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Lengd | 75 km | ||
Munning | 15 km sør for Greymouth i Tasmanhavet | ||
Taramakau River 42°33′50″S 171°07′33″E / 42.5639°S 171.1258°E | |||
Wikimedia Commons: Taramakau River |
Elva har fleire mindre sideelver, den einaste av betydning av desse er Otiraelva, og elvedalen til denne dannar den vestlege tilgangen til Arthur's Pass.
I elva finst dei inførte fiskeslaga bekkeaure og regnbogeaure og laks.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Taramakau River ved nzfishing.com, vitja 9. desember 2012., arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 9. desember 2012
- Denne artikkelen bygger på «Taramakau River» frå Wikipedia på tysk, den 9. desember 2012.