Bjørnedyr

(Omdirigert frå Tardigrada)

Bjørnedyr eller tardigradar (Tardigrada, 'dei som går sakte') er mikroskopiske, segmenterte dyr nærskylde leddyra. Dei lever i vassfilm, og er vanlegvis mellom 0,1 og 1,5 mm store.

Bjørnedyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Bjørnedyr Tardigrada
Spallanzani, 1777

Skildring

endre

Kroppen til eit bjørnedyr er delt i fire segment - hovudet ikkje rekna med. Kvart kroppssegment har eit beinpar, og kvart bein har eit par klør eller tær. Utanpå kroppen sit det eit eksoskjelett av kitin som må skiftast ut i takt med at dyret veks.

Bjørnedyra er protostomiar med ekte coelom, men kroppshola er redusert til eit lite holrom rundt kjønnsorgana. Dei er særkjønna og legg egg.

Som med mange artar rundmark og hjuldyr førekjem det euteli hjå bjørnedyra: Alle vaksne individ av ein art har nøyaktig det same talet på celler i kroppen.

Dei fleste bjørnedyra lever av planterestar eller bakteriar, men det finst òg nokre få kjøtetarar.

Kryptobiose

endre

Bjørnedyr høyrer med mellom dei få dyregruppene som er i stand til kryptobiose. Dette inneber at dei metabolistiske prosessane i kroppen vert redusert til eit minimum, faktisk heilt ned til under 0,01 % av normaltilstanden, og at vassmengda vert redusert til om lag 1 % av det normale. Dette er noko dyra gjer for å klara seg gjennom tøffe tider; når tilhøva vert for harde for dyra kan dei tilsynelatande stoppa alle livsfunksjonar, for så å vakna opp att like friske og raske opptil fleire tiår seinare.

Lista over kva for tilhøve bjørnedyra kan overleva er imponerande:

  • Temperatur: Bjørnedyr kan overleva ein temperatur på 151 °C i få minutt, -200 °C i fleire dagar og -272 °C (1 °C frå det absolutte nullpunktet) i nokre få minutt.
  • Radioaktivitet: Der eit menneske som vert utsett for 10-20 gray med røntgenstråler vil døy momentant, kan eit bjørnedyr ifølgje forsøk gjort av Raul M. May overleva strålingsdosar på opptil 5700 gray.
  • Trykk: Bjørnedyr tolar vakuum. Nyare forsking viser at dei moglegvis òg kan tola trykk med ei høgd på så mykje som 6000 atmosfærar; nesten seks gongar så mykje som trykket i Marianergropa.
  • Uttørking: Då ei uttørka mosedott som hadde lege på eit museum i 120 år vart tilsett fuktigheit, oppdaga ein sprell levande bjørnedyr i han.[1]

Det har òg vorte påvist at dyra har sterk toleranse overfor sterke syrer og baser.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre