Tartus guvernement

(Omdirigert frå Tartous guvernement)

Tartus guvernement (arabisk مُحافظة طرطوس‎, romanisert Muḥāfaẓat Ṭarṭūs) er eit av fjorten guvernement i Syria. Det ligg vest i Syria, på grensa til Libanon i sør, Middelhavet i vest, Latakia guvernement i nord, og Homs og Hama guvernement i aust. Det er eit av få guvernement i Syria som har ein majoritet av alawittar. Forskjellige kjelder gjev arealet til å vere 1 890 km²[2] eller 1 892 km².[3] I 2011 hadde guvernementet 797 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Tartus.

Tartus
طرطوس
guvernement
Land  Syria
Mintaqah 5
Hovudstad Tartous
Areal 1 892,0 km²
Folketal 797 000 (31. desember 2011)[1]
Språk arabisk
Tidssone EET
ISO 3166-2 kode SY-TA
Kart
Tartus guvernement
34°58′N 36°04′E / 34.96°N 36.07°E / 34.96; 36.07
Kart over Syria med Tartous avmerkt.
Kart over Syria med Tartous avmerkt.
Kart over Syria med Tartous avmerkt.
Wikimedia Commons: Tartus Governorate

Historie

endre

Guvernementet var historisk ein del av Alawittarstaten, som eksisterte frå 1920 til 1936.

Regionen har vore relativt fredleg under den syriske borgarkrigen om starta i 2011. I mai 2013 skal derimot pro-statlege styrkar ha utført massakrar i landsbyane Bayda og Baniyas.

Distrikt

endre

Guvernementet er delt inn i fem distrikt (manatiq):

Desse er vidare delt inn i 27 underdistrikt (nawahi).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tartus guvernement