Tasil (arabisk تسيل, òg skrive Tsil) er ein by sør i Syria i Izra-distriktet i Daraa guvernement. Av stader i nærleiken finn ein Nawa i nordaust, Adwan og al-Shaykh Saad i aust, Jalin og Tafas i sør, Saham al-Jawlan i sørvest og Saida og Golanhøgdene i aust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå hadde Tasil eit folketal på 15 985 i 2004. Han er det administrative senteret i ein nahiyah («underdistrikt») som består av tre stader med eit samla folketal på 17 778 i 2004.[1]

Tasil
تسيل
by
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Izra-distriktet
Nahiyah Tasil
Høgd 525 moh.
Koordinatar 32°50′7″N 35°58′17″E / 32.83528°N 35.97139°E / 32.83528; 35.97139
Folketal 15 985  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Tasil
32°50′07″N 35°58′17″E / 32.8353°N 35.9714°E / 32.8353; 35.9714

Byen ligg 525 meter over havet og er omgjeven av område med dyrkbar, men steinete mark.[2]

Historie endre

Ruinar frå antikken indikerer at det stod eit tempel i Tasil tileigna ein av dei romerske keisarane Konstantin den store or Konstantius II, datert til tidleg på 300-talet fvt.[3] Tasil kan ha vore «Tharsila ved Batanea» som er oppført av Eusebius som busett av samaritanarar, men det finst ikkje skriftlege eller arkeologiske bevis på dette.[4] Tasil spelte ei rolle i fleire kampar mellom dei bysantinske og muslimske arabiske armeane i Hauran under den muslimske erobringa av Syria tidleg og på midten av 600-talet.[5]

I 1596 var Tasil oppført i osmanske skattelister som ein landsby i Jawlan Sargi nahiya Hawran qada. Han hadde då eit folketal på 37 muslimske hushaldningar og 25 ungkarar. Det vart betalt skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter eller bikubar, og ei vassmølle.[6]

Seint på 1800-talet var Tasil ein stor landsby med kring 90 hus bygde av stein eller gjørme. Folkesetnaden var kring 300, alle muslimar. Hovudvasskjelda var eit naturleg tjern, som dekte kring 50 kvardratmeter, kalla al-Birkeh, i nord. I tørre årstider måtte landsbybuarane reise til Allan-kjelda. Dei fleste arkeologiske funna i Tasil vart nytta i husa og moskeane i ladnsbyen, mange av dei gøymde bak mørtel. Det var ei lokal overtru blant innbyggjarane i Tasil om at dei som fjerna og gav reisande steinar frå bygga i landsbyen ville bli straffa av Gud, anten med døden eller alvorlege uhell.[2]

Israelske fallskjermsoldatar landa i Tasil den 10. juni 1953 i følgje offisielle syriske kjelder på den tida.[7] Det vart bygt ein dam nær landsbyen seint i 1970-åra.[8]

Arkeologi endre

To kjende bygg frå antikken låg i Tasil, nær bustaden til sjeiken. Dei stod like ved kvarandre og vart kalla «Jama'ah» og «Medany.» Jama'ah tente som moske med eit indre areal på 17 x 13 meter og med eit tak støtta opp av fire firkanta søyler. Sjølv om moskeen verkar å vere ein islamsk konstruksjon, er det mogeleg at han vart bygd ut av ei gammal synagoge eller kyrkje. Han hadde ein gardsplass mot aust som målte 17 x 12 m og var omgjeven av basaltiske murar. I sørvestenden av moskeen stod ruinane av Medany-tårnet som hadde i høgd på 6-7 m og var støtta opp av tre søyler.[2]

I felta vest for Tsil, låg fleire dolmen, dei fleste av dei kollapsas eller i ruinar.[9]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Schumacher, s. 222-230.
  3. Moralee, s. 35.
  4. Reinhard Pummer (2002). Early kristne Authors on Samaritans and Samaritanism. Seiten. s. 87. 
  5. O'Shea, s. 39-42.
  6. Hütteroth and Abdulfattah, s. 198
  7. Muʼassasat al-Dirāsāt al-Filasṭīnīyah. International Documents on Palestina. (1970). Institute for Palestina Studies. 243.
  8. MEED. 26: 14-26. (1982). Economic East Economic Digest, Limited. Page 55.
  9. Schumacher, 1889, s. 151.