Sjagraer

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Tchagra)

Sjagraer er ei lita gruppe av buskvarslarar, ei biologisk slekt Tchagra i familien Malaconotidae som lever i Afrika. Dette er sporvefuglar med storleik mindre enn eller lik starar om ein reknar med ein relativt lang hale. Dei er insektetarar og er kjente for å vere standfuglar.

Sjagraer
Brunkronesjagra, Tchagra australis
Brunkronesjagra, Tchagra australis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Malaconotoidea
Familie: Buskvarslarar Malaconotidae
Slekt: Sjagraer Tchagra
Lesson, 1831

Skildring

endre
 
Brunkronesjagra i Sør-Afrika
Foto: Derek Keats
 
Svartkronesjagra i Sør-Afrika
Foto: Derek Keats

Sjagraer er fem mellomstore sporvefuglar som er relativt einsarta i fjørdrakt og i storleik. Kroppslengde inkludert halen, varierer mellom 15 og 23 centimeter, med sumpsjagra i det nedre området. Vengene (vengdekkfjører og stordekkfjører) er brune til raudbrune i kontrast til lysare beige eller grå rygg. Nebbet er kraftig og svart med liten nedbøygd tupp. Alle har svart stripe frå nebbet gjennom auget mot nakken, og alle har svart eller brun krone eller ei mørk midtstripe. Auga er svarte og beina grå. Halen er mørkare enn ryggen og kroppssidene. Undersida er lysare beige eller har gråtone varierande mellom artane og underartane. Halen er relativt lang, kanskje minst markert lang hos kappsjagra.

Dette er insektetarar som stort sett føretrekker store insekt, og dei fleste beitar på bakken.

Utbreiingsområdet er Afrika sør for Sahara. Svartkronesjagra representerer eit unnatak med populasjonar i nord, frå Marokko og litt inn i vestlege Libya, samt lengst sør på Den arabiske halvøya. Nokre sumpsjagraer kan moglegvis ha trekkvaner inn i nordvestlege utbreiingsområdet i regntid, elles er desse artane standfuglar.

Alle sjagraartane er klassifiserte som livskraftige av IUCN.[1][2][3][4][5]

Artslista

endre

Tchagra i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

  • Sumpsjagra, Tchagra minutus, Marsh Tchagra, Hartlaub, 1858, (LC)
  • Svartkronesjagra, Tchagra senegalus, Black-crowned Tchagra, Linné, 1766, (LC)
  • Brunkronesjagra, Tchagra australis, Brown-crowned Tchagra, Smith, 1836, (LC)
  • Tornsjagra, Tchagra jamesi, Three-streaked Tchagra, Shelley, 1885, (LC)
  • Kappsjagra, Tchagra tchagra, Southern Tchagra, Vieillot, 1816, (LC)

Sumpsjagra blir klassifisert som Bocagia minutus etter Handbook of the Birds of the World Alive per mars 2018.

Kjelder

endre
  • Fry, H. (2018) Marsh Tchagra (Bocagia minutus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
  • Fry, H. (2018) Black-crowned Tchagra (Tchagra senegalus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
  • Fry, H. (2018) Brown-crowned Tchagra (Tchagra australis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
  • Fry, H. (2018) Three-streaked Tchagra (Tchagra jamesi) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
  • Fry, H. (2018) Southern Tchagra (Tchagra tchagra) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
Referansar
  1. BirdLife International (2018) Species factsheet: Tchagra tchagra. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. mars 2018
  2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Tchagra jamesi. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. mars 2018
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Tchagra australis. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. mars 2018
  4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Tchagra senegalus. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. mars 2018
  5. BirdLife International (2018) Species factsheet: Tchagra minutus. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. mars 2018
  6. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sjagraer