Kappsjagra

art av sporvefuglar
Kappsjagra
Bilete frå Addo Elephant National Park, Sør-Afrika Foto: Alan Manson
Bilete frå Addo Elephant National Park, Sør-Afrika
Foto: Alan Manson
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Overfamilie: Malaconotoidea
Familie: Buskvarslarar Malaconotidae
Slekt: Sjagraer Tchagra
Art: Kappsjagra T. tchagra
Vitskapleg namn
Tchagra tchagra

Kappsjagra (Tchagra tchagra) er ein insektetande sporvefugl i buskvarslarfamilien. Han er nær endemisk for Sør-Afrika, men kan òg treffast i Swaziland og kan moglegvis sjåast lengst sør i Mosambik.

Skildring endre

Kappsjagra er 20-22 centimeter i kroppslengd og massen er ca. 40 til 50 gram.[1] Han har ei brun krone og svart augestripe skilt av eit breitt, kvitt supercilium. Undersida er bleikgrå og oversida bleikbrun. Når vengene er samanfolda synast dei kastanjefarga, og halen er mørk med kvit tupp. Det lange nebbet er svart. Kjønna er like, men unge fuglar er mindre fargerike og stripa gjennom auget er brungult. Denne arten liknar svartkronesjagra, men den arten er større, og som namnet ymtar om har svartkronesjagra ei svart krone i staden for ei brun.

Juvenile svartkronesjagraer har ei brun krone, men kan skiljast frå kappsjagra ved litt større kroppsstorleik, relativt kortare nebb og bleikare underside.

Det er skildra tre ganske like underartar av kappsjagra. Nominatforma T. t. tchagra i Western Cape har den mørkaste undersida og lengste nebbet. T. t. caffrariae har bleikare underside og det kortaste nebbet, og T. t. natalensis i austlege Sør-Afrika og Swaziland har lysaste underside av alle, og har ei raudbrun krone.

Hannfuglar av kappsjagra har ein lang, avtakande plystrande song, oftast gjeve under flyging. Hoa reagerer med ei trille.

Reiret er konstruert av kvister og plantefiber i ein greingaffel i ein busk, sjeldan meir enn ein meter over bakken. Kullet er vanlegvis på to egg, men tre egg førekjem. Rugetida er ca. 16 dagar, med ytterlegare 14 dagar til ungane flyktar reiret.

Dette er ein territorial art, mindre iaugefallande enn til døme slektningane varslarar i Laniidae, spesielt i hekketida. Habitatet er skildra å vere ei mellomform mellom graskledde stepper og meir høgtliggande skog nær elver og kystar kor dei lever i utkantar og opningar av krattskog.[1] Han beitar på bakken etter insekt og anna små byttedyr.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Fry, H. (2018) Southern Tchagra (Tchagra tchagra) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
  2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Tchagra tchagra. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. mars 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kappsjagra