Terje Smevold (fødd 1967) er ein tidlegare langrennsløpar frå Elverum.

Terje Smevold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1967 (57 år)
Idrett langrenn

Karriere endre

Han slo seg gjennom som nasjonal toppløpar i 1990-sesongen, det vart også hans beste sesong. Under NM på Gjøvik vann han bronsen bakom gullvinnaren Kristen Skjeldal og Bjørn Dæhlie på sølvplassen. Seinare i sesongen kom han på 13. plass på 30 km jaktstart i Lahti, hans sterkaste prestasjon i verdscupen i langrenn. I sesongane som kom makta han ikkje å fylgje opp.

Smevold tevla i yngre år for Hernes Idrettslag, seinare for Bjerke Idrettslag og Nannestad Skiklubb. Saman med Øyvind Mobakken og Bjørn Dæhlie sikra han Nannestad gullmedaljen på NM-stafetten over 3 x 10 km i åra 1994, 1995 og 1996.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Han la opp i 2000.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar