Øyvind Mobakken (fødd 1967) er ein tidlegare langrennsløpar frå Oslo som vann to individuelle bronsemedaljar under to ulike NM på ski, samt fire NM-gull i stafett.

Øyvind Mobakken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1966 (58 år)
Idrett langrenn

Karriere endre

Mobakken tevla frå junioralderen for Grorud Idrettslag, til dess han i 1991 melde seg inn i Nannestad Skiklubb. Frå 1993 til 1996 gjekk han fyrsteetappen på Nannestad sitt sigerrike lag som fire år på rad vann NM-stafetten over 3 x 10 km. Bjørn Dæhlie var også med på alle dei fire sigrane, Terje Smevold på dei tre siste.

Den beste plasseringa i verdscupen i langrenn oppnådde Mobakken med ein 13. plass på 30-kilometeren i Svenska skidspelen 1994. Etter stafettriumfane i NM vann Mobakken bronsemedaljen på tremila under NM på ski 1996 i Stryn, og på femmila under NM året etter. I 1997 var han 25 sekundar bakom noregsmeister, femmilsslukar Kristen Skjeldal i mål.

Mobakken la meir eller mindre opp i 1999.

Besteplasseringar i verdscuprenn endre

  • 1992: Nr 52 på 50 km i Holmenkollen
  • 1993: Nr 37 på 50 km i Holmenkollen
  • 1994: Nr 13 på 30 km i Falun
  • 1995: Nr 33 på 50 km i Holmenkollen
  • 1996: Nr 21 på 15 km i Kavgolovo
  • 1997: Nr 23 på 15 km i Falun
  • 1997/98: Nr 19 på 10 km på Beitostølen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre