Kristen Skjeldal
Kristen Skjeldal (fødd 27. mai 1967) er ein norsk skiløpar (langrenn) frå Voss. Han er medlem av Bulken Idrettslag.
Kristen Skjeldal | |
![]() | |
Fødd | 27. mai 1967 (54 år) Voss herad |
Yrke | langrennsløpar |
Kristen Skjeldal på Commons |
Skjeldal har vunne tre olympiske medaljar, to gullmedaljar og ein bronsemedalje. Den første gullmedaljen vann han i Vinter-OL i Albertville i 1992. I leikane i Salt Lake City i 2002 fekk han 4. plass i 30 kilometer langrenn fristil, men vinnaren, Johan Mühlegg, vart seinare fråkjend sigeren då det vart påvist at han hadde brukt steroidar, noko som er forbode i konkurranseidrett (doping). Dette førte til at Kristen Skjeldal fekk bronsemedaljen i dette rennet. Han var også med på det norske vinnarlaget i 4 x 10 km stafett under desse leikane. I 2005 gav broren, Gudmund Skjeldal ut biografien Den siste langrennaren – ei historie om Kristen Skjeldal og snø.
Kristen Skjeldal har 11 individuelle NM-titlar, derav seks på 5-mila. Den siste vann han i 2006. Ingen har fleire NM-gull på denne distansen enn han. 2006-sesongen vart hans siste som aktivt satsande toppløpar.