Terminal Jive
Studioalbum av Sparks
Utgjeve 28. januar 1980
Innspelt 1979
Sjanger New wave, disco-rock[1]
Lengd 35:55
Selskap Virgin
Produsent
Sparks-kronologi 
No. 1 In Heaven
(1979)
Terminal Jive Whomp That Sucker
(1981)


Singlar frå Terminal Jive
  1. «When I'm with You»
    Utgjeve: Januar 1980
  2. «Young Girls» med «Just Because You Love Me»
    Utgjeve: Mai 1980

Terminal Jive er det niande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks og det andre dei spelte inn i lag med Giorgio Moroder. Albumet har ei disco-kjensle som føregangaren, men består av færre synthesizerar og litt meir elektrisk gitar. Dette gjev albumet ein tydelegare new wave-stil.[4] Albumet vart produsert av Moroder og Harold Faltermeyer. Faltermeyer sa seinare at han hadde produsert det meste av albumet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[2]
Smash Hits9/10[3]

Sparks fekk ein hitsingel i Frankrike med «When I'm with You», som førte til at dei var i landet i eitt år for å marknadsføre albumet.[5][6]

Utgjeving endre

Terminal Jive kom ikkje ut i USA, men Polydor Records gav det ut i Canada. Det vart heller ikkje ein suksess i Storbritannia, men gjorde det betre i Europa.

Den første singelen, «When I'm with You», var ein hit i Frankrike, der han nådde 16. plassen. Singelen nådde òg 14. plassen i Australia.[7] Den andre singelen frå albumet var «Young Girls», og denne gjorde det òg bra i Frankrike. «Young Girls» vart gjeven ut med ein lengre remiks på 12-tommar, ein redigert versjon på 7-tommarsingelen, og med B-sida «Just Because You Love Me». Den franske utgåva inkluderte «Rock 'n' Roll People in a Disco World», sidan «Just Because You Love Me» alt hadde kome ut som B-sida til «When I'm with You» i dette området.

Plateomslag endre

Plateomslaget består av Mael-brørne som står i ulike poseringar i og kring leiketøysbutikken Hamleys i Regent Street i London.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«When I'm with You»5:45
2.«Just Because You Love Me»4:36
3.«Rock 'n' Roll People in a Disco World»4:47
4.«When I'm with You» (Instrumental)3:45
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Young Girls» 4:49
6.«Noisy Boys»Harold Faltermeyer, Keith Forsey, Mael, Mael3:55
7.«Stereo»Giorgio Moroder, Mael, Mael4:01
8.«The Greatest Show on Earth»Moroder, Faltermeyer, Mael, Mael4:17
Bonusspor på Imperial Records-utgåva (Japan - 2009)
Nr.TittelLengd
9.«The Farmer's Daughter» (demo)4:03
10.«After Dark» (demo)3:30
11.«Modesty Plays» (instrumental)3:10
Bonusspor på Repertoire Records-utgåva (2013)
Nr.TittelLengd
9.«When I'm With You» (singelversjon)3:54
10.«Young Girls» (singelversjon)3:51
11.«Young Girls» (discoversjon)6:11

Salslister endre

Liste (1980) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 96

Medverkande endre

Teknisk

Kjelder endre

  1. «Sparks - Terminal Jive». Allmusic. Henta 21. desember 2014. 
  2. Allmusic review
  3. Starr, Red. «Albums». Smash Hits (February 21 – March 5): 28. 
  4. «Sparks - Terminal Jive». Allmusic. Henta 21. desember 2014. 
  5. Easlea, Daryl (July 2003). «Sparks Interview». Record Collector Magazine Issue 287. 
  6. Encyclopedia of Popular Music. «Sparks». BBC.co.uk. Henta 19. april 2022. [daud lenkje]
  7. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). Sydney: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 286. ISBN 0-646-11917-6.