When I'm with You av Sparks

When I'm with You
Singel av Sparks
frå albumet Terminal Jive
B-side

«When I'm with You» (Instrumental)

Utgjeve 1980
Innspelt 1979
Sjanger
Lengd 5:45
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Ron Mael, Russell Mael
Produsent Giorgio Moroder eller Harold Faltermeyer (omstridd)
Sparks-kronologi
«Beat the Clock»
(1979)
When I'm with You «Young Girls»
(1980)


When I'm with You er ein song av Los Angeles -bandet Sparks. Songen blandar disco og new wave med rocka gitar. Han gjekk ikkje inn på Billboard-lista i USA, men var den einaste topp 40-singelen deira i Australia, der han nådde 14. plassen. Songen låg seks veker på toppen av den franske singellista.[1] Det er ikkje sikkert om det var Giorgio Moroder eller Harold Faltermeyer som produserte songen, men sistnemnde hevda å ha produsert det meste av albumet. Keith Forsey, mest kjend som produsent for Billy Idol i 1980-åra spelte trommer på songen. B-sida er ein instrumentalversjon av «When I'm with You».

SalslisterEndra

Liste (1980) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 14

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. «Archived copy». www.infodisc.fr. Arkivert frå originalen 14. juni 2012. Henta 13. januar 2022. 
  2. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 286. ISBN 0-646-11917-6.