Tesla Roadster
Tesla Roadster er ein elektrisk toseters bakhjulsdriven sportsbil og er den første bilen produsert av Tesla Motors[1]. Roadsteren vart først vist i 2006. 2008-modellen er den første tilgjengelege til sal i eit avgrensa tal på 100 stykk. Bilen har ein masse på 1245 kg. Batteriet er plassert bak setet, så massesenteret er om lag som i ein sportsbil med midtmontert motor.
Motor og drivverk
endreMotoren ein 3-fase induksjonsmotor på 225 kW, plassert mellom bakhjula [2]. Motoren har variabel-frekvensdrift og ein masse på 35 kg. Batteriet kan levera ein effekt på rundt 200 kW (272 hk). I motsetning til forbrenningsmotorar har elektromotorar stor verkningsgrad. Det er likevel litt tap i motorstyringa og motoren, så effekten ut frå motoren er rundt 184 kW (250 hk). Han akselerer frå 0 til 100 km/t på fire sekund.
Batteri
endreBatteriet er eit lithiumbatteri, av same type som i bærbare PCar. Det er bygd opp av 6831 celler, delt inn i elleve seksjonar med 621 celler i kvar seksjon [2]. Køyrelengda er 365 km før batteriet må ladast opp. Ladetida er rundt 3,5 timar.
Kjelder
endre- ↑ Ryssdal, K., A roadster that's electric Arkivert 2008-05-17 ved Wayback Machine., Marketplace, 20/6-2006.
- ↑ 2,0 2,1 Grabianowski, E., How the Tesla Roadster Works, Howstuffworks.com
Bakgrunnsstoff
endre- www.teslamotors.com Arkivert 2007-10-14 ved Wayback Machine. - Heimesida til selskapet Tesla Motors
- Reynolds, K., First Drive: 2008 Tesla Roadster Arkivert 2011-08-05 ved Wayback Machine., Motor Trend, mars, 2008.
- Tesla Roadster Arkivert 2011-07-11 ved Wayback Machine., Futurecars.com.