Ski i Akershus

(Omdirigert frå Tettstaden Ski)

Ski er ein by i Nordre Follo kommune i Akershus fylke.

Ski
tettstad
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Ski
Areal 9,84 km²
Folketal 21 434  (2023)
Folketettleik 2 178 / km²
Innbyggjarnamn skiung
Preposisjon Ski
Kart
Ski i Akershus
59°43′08″N 10°50′07″E / 59.7189°N 10.8353°E / 59.7189; 10.8353
Wikimedia Commons: Ski, Nordre Follo

Staden var administrasjonssenter i Ski kommune i Akershus fylke med 21 434 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden er eit viktig service- og kommunikasjonssentrum i Follo-regionen. Ski har det største handelssenteret i Follo, med kontor for Indre Follo tingrett, arbeidskontoret i Follo og Follo politikammer. Staden har sjukehus og psykiatrisk poliklinikk, Frambu helsesenter for sjeldne funksjonshemninger. Ski har vidaregåande skolar og LO-skolen på Sørmarka. Avisa Østlandets Blad kjem ut seks dagar i veka.

Ski svarar til sokna Kråkstad og Ski i Kråkstad prestegjeld, og Langhus sokn og prestegjeld, Follo prosti i Borg bispedømme, Ski lensmannsdistrikt i Follo politidistrikt og høyrer under Follo tingrett. Ski fekk bystatus i 2004, etter vedtak av Ski kommunestyre, og er den største tettstaden i Akershus utanom tettstaden Oslo.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre