Opna hovudmenyen
Kart over Thailandbukta

Thailandbukta (også kalla Siambukta) er ei vid havbukt som dannar den nordvestlege delen av Sørkinahavet i Stillehavet. Ho er omgjeven av Thailand i nord, vest og sørvest og av Kambodsja og Vietnam i nordaust. Bukta dekkjer kring 320 000 km².[1][2]

AvgrensingEndra

 
Plasseringa av Thailandbukta.

Thailandbukta ligg mellom 6° N og 13°30' N og mellom 99°E og 104° E.[3]:250 Den nordlege delen av bukta er Bangkokbukta ved munningen av Chao Phraya-elva nær Bangkok. Det er vanleg å definera bukta med ei linje over havet frå Bai Bung-neset sør i Vietnam (sørvest for utløpet til Mekong) til den malaysiske byen Kota BahruMalakkahalvøya.

SkildringEndra

Thailandbukta er relativt grunn, med ei gjennomsnittleg djupne på 45 meter og maksimal djupne på berre 85 meter.[3]:250 Dermed går vassgjennomstrøyming og -utveksling saktem og den sterke tilførselen av ferskvatn frå mange store elver fører til lågt saltinnhald (3,05-3,25 %) og til høg sedimentering. Berre ved større djupne flyt vatn med større saltinnhald (3,4 %) vidare inn i Sørkinahavet. Dei viktigste elvene som munnar ut i Thailandbukta er Chao Phraya (og med den også den store sideelva Ta Chin) og Meklong-elven ved Bangkokbukta, og Tapi-elva i Bandonbukta i sørvest.

Natur og næringslivEndra

 
Brydekval i Thailandbukta.

Bukta har mykje fisk og skaldyr. Fiske er ein viktig industri.[4]

Bukta har også oljefelt og i mindre grad naturgass.

Thailandbukta har mange korallrev, og med dei følgjer dykkarturisme. Blant dei mest populære turistmålene i eller ved bukta er øyane Ko Samui og Ko Tao.

GrensetvistarEndra

Det finst ei rekkje sovande territoriale tvistemål mellom Malaysia, Thailand, Kambodsja og Vietnam om grensedraginga mellom landa. Malaysia og Thailand har vald å utvikla dei omstridde områda i fellesskap, slik som øyene Ko Kra og Ko Losin. Ein gammal tvist mellom Kambodsja og Vietnam gjeld hovudsakleg øya Phú Quốc (eller Koh Tral på khmer), som ligg tett opp mot den kambodsjanske kysten.[5] Kambodsja gjer også krav på ein kontinentalsokkel på 48 000 km².[6]

KjelderEndra

  1. «Marine Gazetteer Placedetails - Gulf of Thailand». Marineregions org. Henta 6. juni 2016. 
  2. «Gulf of Thailand». Deepseawaters.com. Henta 7. juni 2016. 
  3. 3,0 3,1 Khongchai, Narongsak; Vibunpant, Somchai; Eiamsa-ard, Monton; Supongpan, Mala. «Preliminary Analysis of Demersal Fish Assemblages in Coastal Waters of the Gulf of Thailand» (PDF). Worldfish. Arkivert frå originalen (PDF) 19. februar 2015. Henta 19. februar 2015. 
  4. Thuesen, Nils Petter (12. desember 2016). «Thailand». Store norske leksikon. Henta 15. mai 2018. 
  5. John Robert Victor Prescott: Boundaries and frontiers
  6. Paul Ganster & David E. Lorey: Borders and border politics in a globalizing world.