That's How Strong My Love Is
That's How Strong My Love Is Singel av O. V. Wright | ||
B-side |
«There Goes My Used To Be» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1964 | |
Innspelt | Memphis i Tennessee i USA | |
Sjanger | Soul | |
Selskap | Goldwax | |
Komponist | Roosevelt Jamison | |
Tekstforfattar | Roosevelt Jamison | |
Låtskrivar(ar) | Roosevelt Jamison |
«That's How Strong My Love Is» er ein song skriven av Roosevelt Jamison og først spelt inn i 1964 av deep soul-songaren O.V. Wright. Songen er ein sjelfull kjærleiksballade som er blitt spelt av mange andre artistar, mellom anna av Otis Redding i 1965. Versjonen til Redding nådde 18. plassen på Billboard si R&B-liste og 75. plassen på den amerikanske poplista. Teksten nyttar naturfenomen som sola, månen og havet til å skildre kjærleiken til låtskrivaren.
Andre versjonar
endreOtis Redding sin versjon kom ut på albumet The Great Otis Redding Sings Soul Ballads. Tre andre versjonar vart spelte inn i 1965, ein av The Rolling Stones på albumet deira Out of Our Heads, ein annan av The In Crowd, som kom ut på singel, og den tredje av The Hollies som kom ut i 1966 på albumet deira Would You Believe?.
Andre versjonar
endre- The Rolling Stones spelte han inn i 1965 for albumet deira Out of Our Heads and also for their live album Live Licks, released in 2004.
- The Hollies spelte han inn i 1966 for albumet deira Would You Believe?.
- Percy Sledge gav ut sin versjon i 1966 på Atlantic-albumet Warm and Tender Soul
- The Sweet Inspirations spelte inn songen som den tredje singelen deira for Atlantic i 1968
- Steve Young i 1969 på albumet hans Rock Salt & Nails
- Candi Staton i 1970 på albumet hennar I'm Just a Prisoner
- The Youngbloods i 1971 på albumet deira Good and Dusty
- Humble Pie i 1973 på albumet deira Eat It
- Little Milton i 1973 på albumet hans Waiting for Little Milton
- Bryan Ferry i 1978 på soloalbumet The Bride Stripped Bare
- Taj Mahal i 1993 på albumet hans Dancing the Blues
- Roland Gift frå Fine Young Cannibals spelte inn songen i 1996 for filmmusikkalbumet Beautiful Girls.
- Buddy Miller spelte inn songen på «Poison Love» i 1997.
- ? and the Mysterians spelte inn ein versjon i 1999 på albumet deira More Action.
- The Doughboys i 2008 på albumet deira Is It Now
- Seven Mary Three i 2010 på konsertalbumet Backbooth
- I 2011, Battlefield Band på albumet deira, Line Up
- I 2011, Jon Stevens på albumet sitt, Testify!
- Chris Robinson Brotherhood på B-sida til singelen Older Guys i 2012
- Mick Hucknall i 2012 på albumet hans American Soul
- Billie Ray Martin i 2016 på albumet hennar The Soul Tapes
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «That's How Strong My Love Is» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2018.