Buddy Miller
Steven Paul «Buddy» Miller (fødd 6. september 1952) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, musikar, plateartist og produsent, som for tida bur i Nashville i Tennessee. Miller er gift med Julie Miller, som han har samarbeidd mykje med musikalsk gjennom karrieren.
Buddy Miller | |||
Miller på SXSW-festivalen i 2010, Austin i Texas. | |||
Fødd | 6. september 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fairborn i Ohio | ||
Fødenamn | Steven Paul Miller | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1983 | ||
Sjanger | Country, americana | ||
Instrument | vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Julie Miller, Sweet Harmony Traveling Revue, Buddy Miller Band, Patty Griffin, Shawn Colvin, Gillian Welch, David Rawlings, Emmylou Harris, Band of Joy, Steve Earle | ||
Plateselskap | HighTone, New West | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar, produsent | ||
Gift med | Julie Miller | ||
Prisar | Americana Award for Artist of the Year, Americana Award for Artist of the Year, Americana Award for Instrumentalist of the Year, Americana Award for Instrumentalist of the Year, Americana Award for Instrumentalist of the Year, Americana Award for Instrumentalist of the Year, Americana Award for Instrumentalist of the Year |
I 1980 skipa han Buddy Miller Band i New York City.[1] I 1990-åra flytta han til Nashville og arbeidde som studiomusikar, før han byrja å spele inn eigne album i heimestudioet sitt.[2][3]
Miller har turnert som sologitarist i bandet til Emmylou Harris,[4] Steve Earle,[5] og Emmylou Harris og Linda Ronstadt på Western Wall-turneen deira.[6] Han har òg spelt med Alison Krauss and Union Station.[7] Emmylou Harris, Patty Griffin, Gillian Welch og David Rawlings som ein del av Sweet Harmony Traveling Revue[8], Robert Plant og Alison Krauss på turneen deira og med Robert Plant i hans Band of Joy.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Buddy Miller» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dougherty, Steve. «In Nashville, the Buddy System». The Wall Street Journal. The Wall Street Journal. Henta 14. april 2015.
- ↑ Rotondi, James. «Universal Audio». Buddy Miller on Making Records with Apollo and UAD-2 Plug-Ins. Universal Audio. Henta 14. april 2015.
- ↑ Winters, Pamela (24. desember 2002). «Buddy Miller: Playing with Guitars». Paste Magazine. Henta 5. mars 2017.
- ↑ «Emmylou Harris – Lookin' for the water from a deeper well». No Depression. 31. august 1998. Arkivert frå originalen 6. mars 2017. Henta 5. mars 2017.
- ↑ «Steve Earle / Buddy & Julie Miller – The Phoenix (Toronto, Ontario)», No Depression, 28. februar 1998, arkivert frå originalen 6. mars 2017, henta 5. mars 2017
- ↑ Lynch, David (22. oktober 1999). «Linda Ronstadt & Emmylou Harris, Bass Concert Hall, October 10». The Austin Chronicle. Henta 5. mars 2017.
- ↑ Drennen, Eileen. «The Secret Is Out on the Millers». Orlando Sentinel. Orlando Sentinel. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 14. april 2015.
- ↑ Jackson, Josh. «The Sweet Harmony Traveling Revue». Paste Magazine. Paste Media Group.
- ↑ Neal, Chris. «How Buddy Miller brought Robert Plant's Band of Joy into the heart of Americana». Nashville Scene. City Press LLC. Arkivert frå originalen 17. april 2015. Henta 14. april 2015.