The Bells
Studioalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve April 1979
Innspelt 1979
Studio Delta Studios (Wilster, West Tyskland)
Sjanger Rock
Lengd 40:37
Selskap Arista
Produsent Lou Reed
Lou Reed-kronologi 
Live: Take No Prisoners
(1978)
The Bells Growing Up in Public
(1980)


Singlar frå The Bells
  1. «Disco Mystic»
    Utgjeve: 1979
  2. «City Lights»
    Utgjeve: August 1979

The Bells er det niande albumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut på Arista Records i april 1979. Det er spelt inn i binaural lyd i Delta Studios i Wilster. Innspelinga var produsert av Reed i lag med Michael Fonfara. Tre av ni songar på albumet kom frå ein kort periode då Lou Reed skreiv songar i lag med Nils Lofgren. Fleire av songane deira enda òg opp på Lofgren-albumet Nils i 1979. Lofgren gav ut sin versjon av «Stupid Man» som «Driftin' Man» på Break Away Angel (2001).[1]

Albumet inneheld bidrag frå Ellard «Moose» Boles, Don Cherry, Marty Fogel og Michael Suchorsky. Albumet nådde 13. plassen i New Zealand, 44. plassen i Sverige, 58. plassen i Australia og 130. plassen i USA.

«City Lights» er ei hyllest til Charlie Chaplin. «Disco Mystic» er meint å vere ein discosong og teksten består berre av tittelen repetert om att og om att. «Families» er ei personleg bøn til foreldra og systera hans med den avsluttande linja «Families that live out in the suburbs often make each other cry» (Familiar som bur i forstadane får ofte kvarandre til å gråte). «I Want to Boogie With You» har ein doo-wop-liknande stil. Tittelsporet vert sagt å vere ein av favorittsongane til Lou Reed.

Innspeling endre

Reed sa: «Eg meistra innspelingskunsten kjend som 'fang den spontane augneblinken og la det vere med det'. The Bells vart gjort slik. Tekstane der vart berre oppdikta der og då og dei er heilt utrulege. Eg er veldig flink til å dikte opp heile historiar med rim, utspel, vitsar».[2]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [3]
Chicago Tribune    [4]
The Village VoiceB+[5]

I ei melding for Rolling Stone skreiv kritikaren Lester Bangs «Med The Bells, meir enn på Street Hassle, og kanskje enno meir enn musikken hans med The Velvet Underground, oppnår Lou Reed det han ofte uttalte som ambisjonen sin - om å bli ein stor låtskrivar i litterær forstand».[6] The Village Voice-kritkaren Robert Christgau sa: «Lou er like sarkastisk som alltid – blykuttet heiter 'Stupid Man', og i eit typisk surt rim knyter han saman 'capricious' ('lunefull') og 'death wish' ('dødsønske'). Men delvis på grunn av den jazza tilnærminga og det varme tradisjonelle rock and roll-grunnlaget (spesiell takk til Marty Fogel på saksofon) høyrest han òg godt avrunda ut, meir enn på Street Hassle. Vitsane virkar sjenerøse, bitterheita empatisk, smerta er tydeleg, omheita meir enn ei flyktig stemning. Og spora som ikkje fungerer – det er minst tre eller fire – virkar som gjennomtenkte eksperiment, eller enkle feil, snarare enn noko som er raska saman. Eg har ikkje funne han så sympatisk siden The Velvet Underground[5]}}

I ei mindre entusiastisk melding skreiv magasinet Select at «The Bells såg musikken hans forsvinne ned i sluket ... Han oppnår nesten berre så vidt å vere sjølvparodisk på desse halvdårlege songane spelt av ein gjeng med sløvingar, og Lou som høyrest smerteleg uinspirert ut».[7]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Stupid Man»2:33
2.«Disco Mystic»
4:30
3.«I Want to Boogie with You»
  • Reed
  • Fonfara
3:55
4.«With You»
  • Reed
  • Lofgren
2:21
5.«Looking for Love»Reed3:29
6.«City Lights»
  • Reed
  • Lofgren
3:22
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«All Through the Night»5:00
8.«Families»
  • Reed
  • Boles
6:09
9.«The Bells»
  • Reed
  • Fogel
9:17
Total lengd:40:37

Medverkande endre

Teknisk

Salslister endre

Liste (1979) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 58
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[9] 13
Svenske album (Sverigetopplistan)[10] 44
US Billboard 200[11] 130

Kjelder endre

  1. «Nils Lofgren: Rock's Most Valuable Player». 3. juni 2021. 
  2. DiMartino, Dave (September 1980). «Lou Reed Tilts The Machine». Creem. Rock's Backpages. Henta 6. april 2022 – via Yahoo!.  Alt URL
  3. Deming, Mark. «The Bells - Lou Reed | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic (på engelsk). Henta 6. april 2022. 
  4. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-breaking Music». Chicago Tribune. Henta 28. mars 2022. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (31. desember 1979). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 28. mars 2022. 
  6. Bangs, Lester (14. juni 1979). «The Bells». Rolling Stone (på engelsk). Henta 6. april 2022. 
  7. Select, November 1992
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. "Lou Reed – The Bells". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 6. april 2022.
  10. "Lou Reed – The Bells". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 6. april 2022.
  11. "Lou Reed Album & Song Chart History" Billboard 200 for Lou Reed. Prometheus Global Media. Henta 6. april 2022.