The Bonnie Banks O’ Loch Lomond

«The Bonnie Banks O' Loch Lomond» er ein tradisjonell skotsk song (Roud-nummer 9598). Han blei gjeven ut for fyrste gong i 1841 i Vocal Melodies of Scotland.

Tekst og notar til «Loch Lomond»
«Loch Lomond» spelt av United States Air Force Reserve Band

Loch Lomond er ein stor skotsk innsjø som ligg mellom dei tradisjonelle fylka Dunbartonshire og Stirlingshire.

«The Bonnie Banks O' Loch Lomond» er ofte det siste musikkstykket som blir spelt på ein kveld med festing (diskotek, middag, konsert o.l) i Skottland, eit fenomen som ikkje finst i andre delar av Storbritannia.

Tolking

endre

Historikaren Murray G. H. Pittock har skrive at songen er ei jakobittisk tilpassing av ein erotisk song frå 1700-talet, der elskaren døyr for kongen sin, og berre kan ta den låge vegen knytt til døden tilbake til Skottland.[a][1] Han er ein av fleire dikt og songar som stammar frå den jakobittiske politiske kulturen i Skottland.[1]

Songen fangar noko av den romantiske ånda til den tapte saka til prins Karl Edvard Stuart (Charles Edward Stuart), kjend som «Bonnie Prince Charlie».

Norsk versjon

endre

Egil Hagen har skrive ein norsk tekst med tittelen «Bakom fjellet». Songen blei gjeven ut av Anita Thallaug på singelen Nor-Disc NOR-63.[2] Arrangementet var skrive av svenskane Claes Rosendahl og Anders Burman.

Merknadar

endre
  1. is a Jacobite adaptation of an eighteenth-century erotic song, with the lover dying for his king, and taking only the 'low road' of death back to Scotland.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Murray G. H. Pittock, Poetry and Jacobite Politics in Eighteenth-Century Britain and Ireland (Cambridge University Press, 1994), pp. 136–137.
  2. Plateboksen – Nor-Disc diskografi[daud lenkje]