Paul Butterfield
Paul Vaughn Butterfield (17. desember 1942–4. mai 1987) var ein USA-amerikansk bluesmunnspelspelar og songar. Etter å ha spelt klassisk fløyte i ungdomen, utvikla han ei interesse for bluesmunnspel. Han utforska bluesmiljøet i heimbyen Chicago, der han møtte Muddy Waters og andre blueslegender, som oppfordra han og let han få spele med dei. Han byrja etter kort tid å spele fast med bluesentusiastane Nick Gravenites og Elvin Bishop.
Paul Butterfield | |||
Butterfield på Woodstock Reunion 1979 | |||
Fødd | 17. desember 1942[1] | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i Illinois[1] | ||
Død | 4. mai 1987 (44 år)[2] | ||
Dødsstad | North Hollywood i California[2] | ||
Fødenamn | Paul Vaughn Butterfield[1] | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1963–1987 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | |||
Verka som | Musikar |
I 1963 skipa han The Paul Butterfield Blues Band, som spelte inn fleire suksessrike album og vart populære på festivalane seint i 1960-åra, med konsertar i Fillmore West i San Francisco; Fillmore East i New York City; Monterey Pop Festival og Woodstockfestivalen. Bandet var kjend for å kombinere elektrisk Chicago blues med rock og for å vere pionerar innan jazzfusion. Etter at bandet vart oppløyst i 1971, fortsette Butterfield å turnere og spele med bandet Paul Butterfield's Better Days, med mentoren Muddy Waters og medlemmar av gruppa The Band. Butterfield var framleis aktiv som plate- og konsertartist då han i 1987, 44 år gammal, døydde av ein heroinoverdose.
Musikkskribentar har trekt fram utviklinga hans av ein original spelestil som plasserer han blant dei mest kjende bluesmunnspelspelarane. I 2006 vart han innlemma i Blues Hall of Fame. Butterfield og tidlege medlemmar av The Paul Butterfield Blues Band vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2015. Begge panela trekte fram dugleiken hans på munnspel og bidraga hans til å bringe bluesmusikken ut til eit yngre og breiare publikum.
Diskografi
endreStudioalbum
endreThe Butterfield Blues Band
endre- The Paul Butterfield Blues Band (1965)
- East-West (1966)
- The Resurrection of Pigboy Crabshaw (1967)
- In My Own Dream (1968)
- Keep On Moving (1969)
- Sometimes I Just Feel Like Smilin' (1971)
Paul Butterfield
endre- Better Days (1973) (av Paul Butterfield's Better Days)
- It All Comes Back (1973) (av Paul Butterfield's Better Days)
- Put It in Your Ear (1976)
- North-South (1981)
- The Legendary Paul Butterfield Rides Again (1986)
Konsertalbum
endre- Live (1970)
- Strawberry Jam (1996, innspelt 1966–1968)
- East-West Live (1996, innspelt 1966–1967)
- Live at Unicorn Coffee House (utgjeve med fleire titlar og datoar, innspelt som piratkopi 1966)
- Live at Winterland Ballroom, Paul Butterfield's Better Days (1999, innspelt 1973)
- Rockpalast: Blues Rock Legends, Vol. 2, Paul Butterfield Band (2008, innspelt 1978)
- Live at the Lone Star, Rick Danko, Richard Manuel & Paul Butterfield (2011, innspelt 1984)
Som studiomusikar
endre- John Mayall's Bluesbreakers with Paul Butterfield, John Mayall & the Bluesbreakers (EP, 1967)
- Blues at Midnight (utgjeve med fleire titlar og datoar), Jimi Hendrix, B.B. King og andre (piratkopiplate av jam innspelt 1968)
- Fathers and Sons, Muddy Waters (1969)
- Give It Up, Bonnie Raitt (1972)
- Steelyard Blues, Mike Bloomfield, Nick Gravenites, Maria Muldaur og andre (1973)
- That's Enough for Me, Peter Yarrow (1973)
- Woodstock Album, Muddy Waters (1975)
- Levon Helm & the RCO All-Stars (1977)
- The Last Waltz, The Band (1978)
- Elizabeth Barraclough, Elizabeth Barraclough (1978)
- Hi!, Elizabeth Barraclough (1979)
- B.B. King & Friends (utgjeve med forskjellige titlar og datoar), B.B King, Eric Clapton, Stevie Ray Vaughan og andre
- Heart Attack, Little Mike & the Tornados (1990, innspelt 1986)
Hyllestalbum
endre- A Tribute to Paul Butterfield, Robben Ford and the Ford Blues Band (2001)
- The Butterfield/Bloomfield Concert, The Ford Blues Band, med Robben Ford og Chris Cain (2006)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Paul Butterfield». Sweet Home Cook County. Cook County Clerk's Office. Arkivert frå originalen 13. mai 2014. Henta 6. juli 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Musician's Death Laid to Overdose». Los Angeles Times. June 13, 1987. Henta 6. juli 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Paul Butterfield» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Dicaire, David (2001). More Blues Singers: Biographies of 50 Artists from the Later 20th Century. Mcfarland & Co Inc. ISBN 978-0-7864-1035-4.
- Ellis III, Tom (Spring 1997). «Paul Butterfield: From Newport to Woodstock». Blues Access (Blues Access) (29).
- Erlewine, Michael (1996). «Paul Butterfield Blues Band». All Music Guide to the Blues. Miller Freeman Books. ISBN 0-87930-424-3.
- Field, Kim (2000). Harmonicas, Harps og Heavy Breathers: The Evolution of the People's Instrument. Cooper Square Press. ISBN 978-0-8154-1020-1.
- Gioia, Ted (2008). Delta Blues. W. W. Norton. ISBN 978-0-393-33750-1.
- Gordon, Robert (2002). Can't Be Satisfied: The Life and Times of Muddy Waters. Little, Brown. ISBN 0-316-32849-9.
- Herzhaft, Gerard (1992). «Paul Butterfield». Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. ISBN 1-55728-252-8.
- Houghton, Mick (2010). Becoming Elektra: True Story Of Jac Holzman's Visionary Record Label. Jawbone Press. ISBN 978-1-906002-29-9.
- Marcus, Greil (2006). Like a Rolling Stone: Bob Dylan at the Crossroads. Public Affairs. ISBN 978-1-58648-382-1.
- Milward, John (2013). Crossroads: How the Blues Shaped Rock 'n' Roll (and Rock Saved the Blues). Northeastern. ISBN 978-1-55553-744-9.
- Rothchild, Paul (1995). The Original Lost Elektra Sessions. Paul Butterfield Blues Band. Elekrtra Traditions/Rhino Records. R2 73305.
- Shadwick, Keith (2001). «Paul Butterfield». The Encyclopedia of Jazz & Blues. Oceana. ISBN 978-0-681-08644-9.
- Wolkin, Jan Mark; Keenom, Bill (2000). Michael Bloomfield – If You Love These Blues: An Oral History. Backbeat Books. ISBN 978-0-87930-617-5.