The ConstruKction of Light
The Construkction of Light Studioalbum av King Crimson | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. mai 2000 | |
Sjanger | Progressiv rock, progressiv metal, industriell | |
Lengd | 58:18 | |
Selskap | Virgin | |
King Crimson-kronologi | ||
---|---|---|
Heavy Construkction (2000) |
The Construkction of Light | King Crimson Live in Mainz (2001)
|
The ConstruKction of Light er det tolvte studioalbumet til det engelske bandet King Crimson, utgjeve i mai 2000 på Virgin.
Bakgrunn
endreDet var det første studioalbumet til bandet utan Bill Bruford på trommer sidan utgjevinga av Lark's Tongues in Aspic (1973). Det er òg det første utan Tony Levin på bass og Chapman Stick etter han kom med i bandet i 1981. Konseptet med ein dobbel trio som hadde spelt på platene deira i 1990-åra var no redusert til ein kvartett med Robert Fripp, Adrian Belew, Trey Gunn og Pat Mastelotto.
Musikalsk minnar albumet om 80-talsbesetninga, der Mastelotto hovudsakleg spelte elektriske trommer, og Belew, Gunn og Fripp ofte spelte sofistikerte, samanblanda delar, der Belew og Fripp ofte nytta kraftig forvrengde gitarlydar. Men tempoet var ofte meir langsamt enn i 80-talsstilen deira.
Albumet har òg spor av tidlegare tider, som ein oppfølgjar til det gamle stykket «Larks' Tongues in Aspic», som her er spelt inn som «Part IV». «FraKctured» byrja som den femte delen av «Larks», men vart seinare rekna som tettare til «Fracture», det siste sporet på Starless and Bible Black frå 1974, og fekk derfor nytt namn.[1]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
PopMatters | [3] |
AllMusic skreiv at bandet «fall til jorda med The ConstruKction of Light [...] Dei klarar ikkje å gjenskape tyngda i den ofte briljante historia si, og dei mest lovande augneblinka på ConstruKction vert kunst under denne tyngda. Det som skuffar mest med ConstruKction er at trass i kor 'progressive' det band-fragmenterte ProjeKct er på papiret, utføringa utelukkande eit tilbakeblikk på tidlegare tider.»[2]
Innhald
endre{{sporliste | alle songar = Adrian Belew, Robert Fripp, Trey Gunn og Pat Mastelotto
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «ProzaKc Blues» | 5:28 |
2. | «The ConstruKction of Light» | 5:49 |
3. | «The ConstruKction of Light» | 2:50 |
4. | «Into the Frying Pan» | 6:54 |
5. | «FraKctured» | 9:06 |
6. | «The World's My Oyster Soup Kitchen Floor Wax Museum» | 6:24 |
7. | «Larks' Tongues in Aspic – Part IV» | 3:41 |
8. | «Larks' Tongues in Aspic – Part IV» | 2:50 |
9. | «Larks' Tongues in Aspic – Part IV» | 2:36 |
10. | «I Have a Dream» (Coda) | 4:51 |
11. | «Heaven and Earth» (som ProjeKct X) | 7:46 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «ProzaKc Blues» | 5:28 |
2. | «The ConstruKction of Light» | 8:40 |
3. | «Into the Frying Pan» | 6:54 |
4. | «FraKctured» | 9:06 |
5. | «The World's My Oyster Soup Kitchen Floor Wax Museum» | 6:24 |
6. | «Larks' Tongues in Aspic, Pt. 4» | 13:03 |
7. | «Heaven and Earth» | 7:46 |
8. | «Mastelotticus SS Blasticus» (Improvisasjon, 24. juni 2003 frå Centrale del Tennis i Roma) | 10:38 |
9. | «The ConstruKction of Light» (konsertopptak henta frå EP-en Level Five) | 8:24 |
Medverkande
endre- Robert Fripp – gitar, klaverinstrument
- Adrian Belew – gitar, vokal
- Trey Gunn – Ashbory-bass, Warr-gitar
- Pat Mastelotto – trommer, perkusjon
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The ConstruKction of Light» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The ConstruKction of FraKctured - from the diaries of Robert Fripp». Spaceward Records. Arkivert frå originalen 7. mai 2018. Henta 26. oktober 2019.
- ↑ 2,0 2,1 Nickey, Jason. The ConstruKction of Light review AllMusic. Henta 26. oktober 2019.
- ↑ Moos, Dan. «King Crimson: The ConstruKction of Light». PopMatters. Henta 26. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Tekstar Arkivert 2004-09-24 ved Wayback Machine.