Badfinger
Badfinger var eit britisk rockeband som i den mest suksessrike besetninga si bestod av Pete Ham, Mike Gibbins, Tom Evans og Joey Molland. Bandet utvikla seg frå ei tidlegare gruppe kalla The Iveys, som vart skipa i 1961 av Ham, Ron Griffiths og David «Dai» Jenkins i Swansea i Wales. The Iveys var den første gruppa som vart signert av The Beatles sitt Apple i 1968. Bandet skifta då namn til Badfinger og i 1969 slutta Griffiths og vart erstatta av Molland. I 1970 hyrte bandet den amerikanske forretningsmannen Stan Polley som manager. I løpet av dei fem neste åra spelte bandet inn fem år for Apple og turnerte mykje, før dei vart innvikla i kaoset som oppstod då Apple Records vart oppløyst.
Badfinger | |||
| |||
Alias | The Iveys (1961–69) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Swansea i Wales | ||
Aktiv | 1961–1969 (som The Iveys) 1969–75 1978–84 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | The Dodgers, Natural Gas, The Beatles, EL&P, David Garrick | ||
Plateselskap | Apple Manticore Warner Brothers Elektra Ode Radio Records | ||
Tidlegare medlemmer | Hovud: Pete Ham Joey Molland Tom Evans Mike Gibbins |
Badfinger hadde fire store hittar frå 1970 til 1972: «Come and Get It» (skriven og produsert av Paul McCartney), «No Matter What», «Day After Day» (produsert av George Harrison)[1] og «Baby Blue». I 2013 dukka «Baby Blue» opp på Billboard Hot Rock Songs-lista på ein 14. plass etter han vart nytta i siste episode av fjernsynsserien Breaking Bad.[2] Songen deira «Without You» har blitt spelt inn mange gonger, og både Harry Nilsson og Mariah Carey har nådd toppen av hitlistene med songen.
Etter Apple Records vart nedlagd, fekk Badfinger kontrakt med Warner Bros. Records, men den økonomiske handteringa til Polley førte til indre stridar til at Ham slutta i bandet. Han vart erstatta av Bob Jackson på klaverinstrument og gitar, før Ham kom attende og Molland slutta i staden. Warner sitt musikkforlag saksøkte Polley over manglande pengar på ein sperra konto, som førte til at Warner trekte attende albumet deira Wish You Were Here i 1974, sju veker etter det kom ut, som på effektivt vis stogga inntektene deira. Warner nekta så å akseptere (eller betale bandet for) det neste albumet deira, Head First, på grunn av striden med Polley, og bandet hamna i pengenaud. Tre dagar før han fylte 28, den 24. april 1975, tok Ham livet sitt då han hengde seg, og etterlet ein lapp der han fordømde Polley.
Dei neste tre åra strevde dei attverande medlemmane med å byggje opp att det personlege og profesjonelle livet sitt, samstundes som det gjekk ei rekkje søksmål som låste fast inntektene til bandet i årevis. Badfinger-albuma Airwaves (1979) og Say No More (1981) (begge utan både Gibbins og Jackson) mislukkast, då Molland og Evans vippa mellom samarbeid og konflikt i forsøket på å kome i gang att med Badfinger. Etter å ha sett liket av Ham då kona til Ham ringde til han like etter han vart funnen, kom Evans visstnok aldri over sjølvmordet til venen, og skal i mørke stunder ha sagt «Eg vil vere der han er».[3] Den 19. november 1983 hengde òg Evans seg.
Det tidlegare medlemmet Joey Molland turnerer framleis i dag under namnet Joey Molland's Badfinger i USA.[4]
I 2015 skipa det tidlegare medlemmet Bob Jackson si eiga utgåve av Badfinger med Andy Nixon, Michael Healey og Ted Duggan for å æra minnet om Pete Ham, Tom Evans og Mike Gibbins. Denne gruppa turnerte med 23 konsertar i Storbritannia, der dei spelte for over 20 000 folk.[5][6] Gruppa fortsette å spela i 2016.
Medlemmar
endre1965–1967 The Iveys |
|
1967–1969 The Iveys |
|
1969 Badfinger |
|
1969–1974 |
|
Oktober–november 1974 |
|
November 1974–april 1975 |
|
Mai 1975–1978 |
|
1978 |
|
1978 |
|
1979 |
|
1979 |
|
1979–1980 |
|
1980 |
|
1980–1981 |
|
1981–1984 |
To variantar av Badfinger. |
1984 |
|
- Molland's Badfinger
1981 |
|
1982 |
|
1983 |
|
Sidan 1984 |
|
- Evans & Gibbins' Badfinger
1982 |
|
1982 |
|
1982 |
|
1982 |
|
1983 |
|
- Bob Jackson's Badfinger
Sidan 2015 |
|
Tidslinje
Diskografi
endreStudioalbum
endreSom The Iveys:
År | Album | US Top 200 |
---|---|---|
1969 | Maybe Tomorrow | – |
Som Badfinger:
År | Album | US Top 200 |
---|---|---|
1970 | Magic Christian Music | 55 |
No Dice | 28 | |
1971 | Straight Up | 31 |
1973 | Ass | 122 |
1974 | Badfinger | 161 |
Wish You Were Here | 148 | |
1979 | Airwaves | 125 |
1981 | Say No More | 155 |
2000 | Head First | – |
Singlar
endreÅr | Song | CAN | US Hot 100 | US CB Top 100 | UK Singles | Album |
---|---|---|---|---|---|---|
1969 | «Maybe Tomorrow» | – | 67 | 51 | – | Maybe Tomorrow |
«Dear Angie» | – | - | - | – | ||
«Come and Get It» | 4 | 7 | 6 | 4 | Magic Christian Music | |
1970 | «No Matter What» | 7 | 8 | 6 | 5 | No Dice |
1971 | «Day After Day» | 2 | 4 | 3 | 10 | Straight Up |
1972 | «Baby Blue» | 7 | 14 | 9 | 73 | |
1973 | «Apple of My Eye» | – | 102 | 88 | – | Ass |
1974 | «Love Is Easy» | – | – | - | – | Badfinger |
«I Miss You» | – | – | - | – | ||
1979 | «Lost Inside Your Love» | – | – | - | – | Airwaves |
«Love Is Gonna Come at Last» | – | 69 | 79 | – | ||
1981 | «Hold On» | – | 56 | 67 | – | Say No More |
«I Got You» | – | - | - | – | ||
«Because I Love You» | – | - | - | – |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Badfinger» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Badfinger - Day After Day». Discogs (på engelsk). Henta 9. juni 2018.
- ↑ Trust, Gary, «Breaking Badfinger», Billboard.com, 19. oktober 2013
- ↑ Matovina 2000.
- ↑ Wood, Chris (30. januar 2016). «Badfinger's last original member still playing their music». BBC News (på engelsk). Henta 9. juni 2018.
- ↑ «THE GUIDE INTERVIEW: Badfinger star Bob Jackson talks Breaking Bad, the All Star 60s show and The Beatles». Dorset Echo. Henta 9. juni 2018.
- ↑ Rodger, James (9. august 2016). «Badfinger announce string of UK dates». coventrytelegraph. Henta 9. juni 2018.