Juilliard School
(Omdirigert frå The Juilliard School)
Juilliard School er ein privatskole for utøvande kunst i New York som har undervising i musikk, dans og drama. Skulen blei grunnlagt i 1905 som Institute of Musical Art. I 1920 blei Juilliard-stiftelsen oppretta, kalla opp etter tekstilgrossisten Augustus Juilliard som testamenterte ei større gåve til fremjing av musikk i USA. Stiftelsen danna ein skule, Juilliard Graduate School, i 1924. Denne blei slått saman med Institute of Musical Art to år seinare.
Juilliard School | |||
| |||
| |||
Grunnlagt | 1905 | ||
---|---|---|---|
Stad | New York by | ||
Studentar | 800 | ||
Tilsette | 340 | ||
Nettstad | http://www.juilliard.edu (engelsk) | ||
Juilliard School 40°46′26″N 73°58′59″W / 40.773871°N 73.983178°W |
Skulen har svært høg prestisje,[1][2][3] og har hatt ei rekkje kjende elevar. Nokre kjende tidlegare elevar er Miles Davis, Christopher Reeve, Kevin Kline, Kevin Spacey, Robin Williams, Val Kilmer, William Hurt, André M. Smith, Camilla Wicks, Jordan Rudess og Yo-Yo Ma.
Kjelder
endre- ↑ «Still 'best reputation' for Juilliard at 100». The Washington Times. Henta 15. september 2013.
- ↑ Frank Rich (2003). Juilliard. Harry N. Abrams. s. 10. ISBN 0810935368. «Juilliard grew up with both the country and its burgeoning cultural capital of New York to become an internationally recognized synonym for the pinnacle of artistic achievement.»
- ↑ «The Top 25 Drama Schools in the World». The Hollywood Reporter. Henta 15. september 2013.
- Denne artikkelen bygger på «The Juilliard School» frå Wikipedia på bokmål, den 11. april 2021.