Kick Horns

(Omdirigert frå The Kick Horns)

Kick Horns er ei britisk blåserekkje, basert i London.

Dei har spelt på «Green Light» av Beyoncé, «Let Me Go» av Maverick Sabre, Once Upon a Time in the West av Hard-Fi og singelen «Wings» av Little Mix. Dei har turnert mykje med Eric Clapton og spelt på albuma hans From the Cradle og Back Home.[1] I tillegg har dei spelt mykje på konsertar med The Who, The Waterboys, Baaba Maal, Deacon Blue og den tyske superstjerna Westernhagen.

Dei har spelt på Steel Wheels av The Rolling Stones, White City av Pete Townshend og About Face av David Gilmour, Connected av the Stereo MCs, Modern Life is Rubbish, Parklife og The Great Escape av Blur, Anutha Zone av Dr. John og Want One av Rufus Wainwright. Andre artistar dei har spelt med er the Beautiful South, the Spice Girls, Jamiroquai, Chris Rea, S Club 7, Spiritualized, Groove Armada, Gabrielle, Supergrass, Verve, Dodgy, Primal Scream, Finley Quaye, China Crisis og Erasure.

Dei har spelt med fleire afrikanske artistar som Baaba Maal, Oumou Sangare, Maryam Mursal, Cheb Khaled, Faudel og Rachid Taha.

Kjelder

endre
  1. «Kick Horns». Where's Eric!. Henta 16 May 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre