Opna hovudmenyen
About Face
Studioalbum av David Gilmour
Utgjeve 5. mars 1984(Storbritannia)
6. mars 1984(USA)[1]
Innspelt 1983
Studio Pathé Marconi Studio i Paris; Abbey Road Studios i London; miksa i Mayfair Studios i London[2]
Sjanger
Lengd 45:18
Selskap
Produsent
David Gilmour-kronologi
David Gilmour
(1978)
About Face On an Island
(2006)


Singlar frå About Face
  1. «Blue Light»
    Utgjeve: 13. februar 1984
  2. «Love on the Air»
    Utgjeve: 24. april 1984

About Face er det andre soloalbumet til Pink Floyd-gitaristen David Gilmour. Albumet kom ut i mars 1984 og var produsert saman med Bob Ezrin. To av songane, «All Lovers Are Deranged» og den meir radiovenlege «Love on the Air», hadde tekst skriven av Pete Townshend frå The Who, som lenge hadde vore ven av Gilmour. Resten av songane er skriven av Gilmour aleine. I mai same året gav Pink Floyd-medlemmen Roger Waters ut sitt første soloalbum, The Pros and Cons of Hitch Hiking.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]

HistorieEndra

Albumet vart spelt inn i Frankrike med lydteknikar Andrew Jackson på ei tid då framtida til Pink Floyd var usikker[4]. Albumet vart miksa av James Guthrie i Mayfair Studios i London.

Somme av musikarane som Gilmour arbeidde med var Jeff Porcaro, Pino Palladino, Deep Purple-organisten Jon Lord, Roy Harper, Michael Kamen (som òg arbeidde på Waters-albumet The Pros and Cons of Hitch Hiking), Sam Brown og Steve Winwood.

David Gilmour sa:

Eg ønskte å gjere eit verkeleg bra album. Eg ønskte ikkje å bli raskt ferdig og ville ha med meg dei beste musikarane i verda som eg kunne få tak, så eg lagde meg ei liste over favorittmusikarane mine, som den beste trommeslagaren, den beste bassisten, beste organisten og så såg eg kven eg fekk med meg. Jeff Porcaro var øvst lista mi over trommisar, Pino Palladino var øvst på lista over bassistar, og Ian Kewley, eller the Rev som han vert kalla, kom og spelte det meste av hamnond og piano, og han var særs dyktig. Steve Winwood var øvst på lista mi over organistar, men han kunne ikkje spele på det meste av albumet, men gjorde noko. Han spelte hammondorgel på «Blue Light». Eg hadde litt meir tid og følte meg friare på dette albumet...fleire «uhell» ser då ut til oppstå.[5]
Eg syns Pete [Townshend] følte seg avgrensa med kva han kunne gjere med The Who, og eg trur me alle føler oss avgrensa med alt me prøver å få til, på grunn av dei forskjellige personlegdomane og rollene du skaper for deg sjølv. Eg veit han var ukomfortabel med visse ting, ting han kunne uttrykke i soloarbeidet sitt. For meg var restriksjonen skalaen av det Pink Floyd hadde blitt meir enn noko anna. Det er fint å kome seg bort og gjere noko på ein litt anna skala...dra ut og spele i auditorium, som ikkje lenger var mogeleg for Pink Floyd før me var blitt langt mindre populære.[6]

Visstnok vart somme av songane på About Face skriven av Gilmour då Roger Waters byrja å skrive Pink Floyd-albumet The Final Cut. Waters er sagt å ha nekta Gilmour tid til å gjere ferdig sine eigne songar, som gjorde at Gilmour ikkje fekk nokre av songane sine med på albumet. Av desse songane skal det ha vore «Murder», «Out of the Blue», «Near the End» og den musikalske orkestreringa av «Love on the Air» og «All Lovers are Deranged».

LydbiletetEndra

På albumet finn ein discoliknande singelen «Blue Light» (seinare remiksa av François Kevorkian og som ofte vart stemnd fram som den verste solosongen av ein Pink Floyd-medlem av Pink Floyd-magasinet The Amazing Pudding) og ein annan singel, «Love on the Air». «All Lovers Are Deranged» og «Murder» vart gjevne ut som singlar for radio i Nord-Amerika og den førstnemnde nådde 10. plass på Billboard's Mainstream Rock Charts.

«Murder» følgde og nådde 11. plass på same liste, og var eit rop frå Gilmour om det meiningslause drapet på John Lennon. Pino Palladino spelte bandlaus bass på songen og gav han ein funky stil i den akustiske førstedelen av songen.

Albumet nådde 21. plass i Storbritannia og 32. plass i USA, der det selde til gullplate. I Noreg nådde albumet 10. plass.

David Gilmour sa seinare i eit intervju med DJ Redbeard, for radioprogrammet In the Studio with Redbeard i 2006 om About Face, «når eg ser tilbake på det, så har det sine store augneblikk, men det meste der er for 80-tals for min smak i dag.»

About Face vart gjeven ut på ny i 2006 med ny digital lyd.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av David Gilmour, bortsett frå «Love on the Air» og «All Lovers Are Deranged» med tekst av Pete Townshend

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Until We Sleep»   5:15
2. «Murder»   4:59
3. «Love on the Air»   4:19
4. «Blue Light»   4:35
5. «Out of the Blue»   3:35
Side to
# Tittel Lengd
1. «All Lovers Are Deranged»   3:14
2. «You Know I'm Right»   5:06
3. «Cruise»   4:40
4. «Let's Get Metaphysical»   4:09
5. «Near the End»   5:36

MedverkandeEndra

HovudmusikararEndra

Andre musikararEndra

TurneEndra

Etter About Face, la Gilmour ut på ein turne frå mars til juli 1984 i Europa og Nord-Amerika, der han spelte følgjande songar:

  1. Until We Sleep
  2. All Lovers Are Deranged
  3. There's No Way Out Of Here
  4. Love On The Air
  5. Mihalis
  6. Cruise
  7. Short & Sweet
  8. Money
  9. Run Like Hell
  10. Out Of The Blue
  11. Let's Get Metaphysical
  12. You Know I'm Right
  13. Blue Light
  14. Murder
  15. Near The End
  16. Comfortably Numb
  17. I Can't Breathe Anymore

Musikarar på turneen

David Gilmour - gitar, klaverinstrument, vokal
Gregg Dechart - klaverinstrument
Sue Evans - perkusjon (July 5–16)
Mickey Feat - bassgitar
Jody Lincott - perkusjon (March–June)
Mick Ralphs - gitar, vokal
Raff Ravenscroft - saksofon, fløyte, klaverinstrument
Chris Slade - trommer

Roy Harper og Nick Mason var med han på konsertane i Hammersmith Odeon 28-30. april 1984.

SalslisterEndra

Album

Liste (1984) Plassering
Tyskland Media Control Charts[7] 24
Noreg VG-lista[8] 10
Sweden Sverigetopplistan[9] 13
Sveits Swiss Hitparade[10] 15
US Billboard 200[11] 32

Singlar – Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1984 «Blue Light» The Billboard Hot 100[12] 62
1984 «Blue Light» Mainstream Rock Tracks 35
1984 «All Lovers Are Deranged» Mainstream Rock Tracks 10
1984 «Murder» Mainstream Rock Tracks 13

KjelderEndra

  1. «The Official Site». Pink Floyd. Henta 1. november 2013. 
  2. «David Gilmour - About Face (Vinyl, LP, Album)». Discogs.com. 5. mars 1984. Henta 10. juli 2019. 
  3. About FaceAllmusic
  4. «Record Collector Magazine, May 2003 Interview, by Daryl Easlea».  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp);
  5. «Interview from 'The Source', by Charlie Kendal». 
  6. Matt Resnicoff (August 1992). «Careful With That Axe David Gilmour Interview». Musician. Henta 7. mars 2011. 
  7. «charts.de». charts.de. 14. juli 2006. Henta 10. juli 2019. 
  8. Hung, Steffen. «David Gilmour - About Face». norwegiancharts.com. Henta 10. juli 2019. 
  9. Hung, Steffen. «David Gilmour - About Face». swedishcharts.com. Henta 10. juli 2019. 
  10. Hung, Steffen. «David Gilmour - About Face». hitparade.ch. Henta 10. juli 2019. 
  11. «David Gilmour - Chart history». Billboard. Henta 10. juli 2019. 
  12. «David Gilmour - Chart history». Billboard. Henta 10. juli 2019.