The Moon Is Rising

song frå 2021 med Samanta Tīna
«The Moon Is Rising»
Song av Samanta Tīna
Land Latvia
Språk Engelsk
Utgjeve 13. mars 2021
Sjanger Pop, dubstep
Lengd 03:00
Selskap Utgjeven på eige selskap
Låtskrivar(ar) Aminata Savadogo, Oskars Uhaņs, Samanta Tīna

«The Moon Is Rising» (norsk 'månen går opp') er ein song frå 2021 med den latviske songaren Samanta Tīna. Songen vart utgjeven 13. mars 2021 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Om songen

endre

«The Moon Is Rising» var ein av elleve låtar som vart spesialskrivne for Samanta Tīna under ein låtskrivarleir i Latvia i 2020. Blant deltakarane var Aminata Savadogo og Kārlis Būmeistars, som representerte Latvia i Eurovision Song Contest i høvesvis 2015 og 2005, og sjef for den latviske musikkeksportsamskipnaden, Agnese Cimuška-Rekke. «The Moon Is Rising» vart til slutt laga med tema frå fire av songane og er produsert av Oskars Uhaņs.[1]

Ifølgje Samanta Tīna handlar songen om kvinner og rettane deira: «I songen snakkar eg om at alle kvinner er likeverdige, uansett kven vi er. Vi er ikkje kvinner, men Kvinna, vi er alle ei dronning, og kvar har si eiga krone».[1]

«The Moon Is Rising» vart offentleggjord 12. mars 2021 på YouTube og i TV-programmet Kā uzvarēt Eirovīzijā? Samantas Tīnas ceļš uz Roterdamu ('Korleis vinne Eurovision? Samanta Tīnas veg til Rotterdam') på LTV1.[2][3]

Eurovision Song Contest

endre

«The Moon Is Rising» var det latviske bidraget i Eurovision Song Contest 2021. Latvia vart trekt ut til å delta i den andre semifinalen i Rotterdam Ahoy torsdag 20. mai. Songen enda på 17. og siste plass i semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[4] Dette var femte gong Latvia enda sist i ein semifinale.

Kjelder

endre