The Past Hundred Moons

The Past Hundred Moons
Remiksalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 22. mai 2001
Innspelt 1977 - 2001
Sjanger
Lengd 75:58
Produsent Jerome Froese
Tangerine Dream-kronologi 
The Seven Letters from Tibet
(2000)
The Past Hundred Moons Inferno
(2002)


The Past Hundred Moons er det 74. albumet og det tredje remiksalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, utgjeve i mai 2001.[1] Det er det tredje albumet i Dream Mixes-serien.

Bortsett frå eit nytt spor inneheld albumet åtte remiksar av tidlegare Tangerine Dream-komposisjonar som opphavleg kom ut mellom 1977 og 1999. Seks av desse remiksane var tilgjengeleg før The Past Hundred Moons kom ut i ein avgrensa serie på tre 12"-vinylsinglar seint i 2000: «Meng Tian», «Stereolight» og «Astrophobia»[1].

Remiksar endre

Medan «Astrophobia» og «Meng Tian» er remiksar av komposisjonar med same namn, gjevne ut på Mars Polaris og Great Wall of China (begge 1999) er seks andre spor omarbeidde spor frå seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra, men verken kva originale er eller kven som originale komponerte dei er ikkje nemnt i plateomslaget.[1]

Sporet «Prime Time» er basert på temaet frå «Silver Scale», som kom ut i plateboksen Tangents (1994) for første gongen, men som opphavleg vart spelt inn kring 1980-1981. «Stereolight» er ein remiks av komposisjonane «Desert Dream» og «Monolight» (derfor namnet «Stereolight») frå konsertalbumet Encore (1977). «Diamonds and Dust» er ein remiks av komposisjonen «Diamond Diary» frå filmmusikkalbumet Thief (1981).

«Blue Spears» inneheld ikkje musikk frå tidlegare utgjeven materiale, men liknar på anna tidlegare ikkje-utgjeve materiale på Tangents. «Girl on the Stairs» er ein remiks av kompisjonen «Das Mädchen auf der Treppe» frå 1982 og liknar versjonen frå Limited World Tour Edition 1997 (1997).

Dei to siste spora er remiksa utdrag frå konsertopptak frå tidleg i 1980-åra. Opphavet til «The Spirit of the Czar» er tittelsporet frå konsertalbumet Poland (1984), medan «The Comfort Zone» er remiksa frå «Logos Red» frå albumet Logos Live (1982).

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Prime Time»10:21
2.«Astrophobia» (Red Supernova Mix)8:25
3.«Stereolight»8:08
4.«Diamonds and Dust»9:05
5.«Blue Spears»8:44
6.«Meng Tian» (Smart Machine Remix)7:59
7.«Girl on the Stairs»6:54
8.«The Spirit of the Czar»7:32
9.«The Comfort Zone»8:50

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Past Hundred Moons». Voices in the Net. Henta 21. juli 2020.