The Quiet Zone/The Pleasure Dome

The Quiet Zone/The Pleasure Dome
Studioalbum av Van der Graaf
Utgjeve 2. september 1977
Innspelt 13. mai - 12. juni 1977
Studio Foel, Morgan og Rockfield Studios
Sjanger Progressiv rock [1]
Lengd 43:34
Selskap Charisma (Storbritannia)
Mercury (USA)
Produsent Peter Hammill
Van der Graaf-kronologi
World Record
(1976)
The Quiet Zone/The Pleasure Dome Vital
(1978)


The Quiet Zone/The Pleasure Dome er det åttande studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator, utgjeve i 1977. Det var det siste studioalbumet deira før dei kom saman att i 2005.[2] Albumet har ein meir energisk, new wave-stil enn dei tre nærmaste føregangarane, og synte fram mot soloarbeidet til songaren og låtskrivaren Peter Hammill si karriere seint i 1970-åra.

For dette albumet var bassisten Nic Potter komen attende til bandet, etter at han slutta i 1970. Dei hadde òg med seg fiolinisten Graham Smith (String Driven Thing), som kom med i besetninga, og erstatta to medlemmar som hadde slutta etter det førre albumet, World Record (oktober 1976). Dette var organisten Hugh Banton og saksofonisten/fløytisten David Jackson. Dette hadde stor innverknad på stilen til bandet. Offisielt korta dei ned namnet sitt til «Van der Graaf» for dette albumet og konsertalbumet Vital (juli 1978), som følgde, men under marknadsføringa til Charisma Records vart både det korte og fulle namnet nytta.

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [1]

Kritikarane var positive til albumet. Melody Maker sa at bandet « har nettopp kome opp med eit album som endeleg utløyser potensialet dei har vist så lenge».[3]

InnhaldEndra

Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Side ein, «The Quiet Zone»
Nr.TittelLengd
1.«Lizard Play»4:29
2.«The Habit of the Broken Heart»4:40
3.«The Siren Song»6:05
4.«Last Frame»6:15
Side to, «The Pleasure Dome»
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«The Wave» 3:15
6.«Cat's Eye / Yellow Fever (Running)»Hammill, Graham Smith5:21
7.«The Sphinx in the Face» 5:59
8.«Chemical World» 6:12
9.«The Sphinx Returns» 1:18
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Door» (unytta studioopptak)3:23
11.«The Wave» (instrumental demoversjon)3:03
12.«Ship of Fools» (B-side til singelen «Cat's Eye», berre før utgjeven i Frankrike)3:43

MedverkandeEndra

Van der Graaf

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 McDonald, Steven (2011). «Van der Graaf - The Quiet Zone/The Pleasure Dome (1977) album review | AllMusic». allmusic.com. Henta 28. juli 2020. 
  2. Christopulos, J., and Smart, P.: «Van der Graaf Generator - The Book», page 266. Phil and Jim publishers, 2005.
  3. «Graaf generate power: Van der Graaf - The Quiet Zone/The Pleasure Dome (1977) album review at Melody Maker by J.O.». Henta 28. juli 2020. 

BakgrunnsstoffEndra