The Rolling Stones Rock and Roll Circus

The Rolling Stones Rock and Roll Circus er ein konsertfilm initiert og organisert av The Rolling Stones. Filmen blei til under to spelesesjonar den 11. og 12. desember 1968. Opptaka som filmen er sett saman av blei gjort på eit filmsett rigga til som ein sirkusarena. Saman med Rolling Stones, med støtte av Nicky Hopkins på piano, tok artistar som The Who, Taj Mahal med Jesse Ed Davis, Marianne Faithfull, Jethro Tull og The Dirty Mac del i konserten. The Dirty Mac var ei supergruppe sett saman av John Lennon, Eric Clapton, Mitch Mitchell, Keith Richards og Yoko Ono.

The Rolling Stones Rock and Roll Circus
RegiMichael Lindsay-Hogg Sjå dette på Wikidata
MedverkandeThe Rolling Stones, Mick Jagger, Keith Richards, Brian Jones, Charlie Watts, Bill Wyman, Marianne Faithfull, The Who, John Lennon, Yoko Ono, Jethro Tull, Musikaren Taj Mahal, Ivry Gitlis, The Dirty Mac, Julius Katchen Sjå dette på Wikidata
KlippRuth Foster Sjå dette på Wikidata
SjeffotografAnthony B. Richmond Sjå dette på Wikidata
DistributørNetflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1996
Lengd66 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandStorbritannia Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Sjangerrock, dokumentarfilm, konsertfilm Sjå dette på Wikidata
The Rolling Stones Rock and Roll Circus henta inspirasjon frå sirkus.

Opptaka blei gjort i Intertel (V.T.R. Services) Studio i Wycombe Road i Wembley for eit spesielt invitert publikum. Dei byrja klokka 14.00 den 11. desember og varte til 5-tida neste morgon. Filminga tok lengre enn planlagd fordi fleire kamera slutta å verka og det tok lengre tid enn venta å gjera klar mellom opptredenane.

Mick Jagger, utkledd som sirkusdirektør, var drivkraft for konserten, og heldt artistar og publikum gåande fram til opptaka var ferdige. The Rolling Stones var likevel lite nøgde med sin opptreden, og filmen blei ikkje gjeven ut. Konserten var den siste då Brian Jones opptredde saman med gruppa.[1]

Store delar av The Who-opptredenen var del av dokumentaren The Kids Are Alright (1979), men elles var opptaket rekna som tapt fram til ein fann det i ein søppeldunk i ein kjellar i 1989. Filmen blei restaurert og hadde premiere 12. oktober 1996 ved Walter Reade Theater under New York Film Festival.[2] Han vart også gjeven ut på CD og video i 1996. I 2004 kom ein remastra DVD med Dolby Surround-lyd ut.

Kjelder

endre
  1. «The Rolling Stones Rock and Roll Circus». CD Universe Store. 
    - The Rolling Stones Rock and Roll Circus ved IMDb
    - Brusie, David (12 February 2009). «1996: The Rolling Stones – The Rolling Stones Rock and Roll Circus». Tiny Mix Tapes. 
    - See infobox picture for appearances
    - Fischer, Russ (4 February 2008). «STONES ON FILM: THE ROLLING STONES ROCK AND ROLL CIRCUS (1968/1996)». Chud.com. Arkivert frå originalen 15 December 2013. Henta 25 February 2012. 
  2. Maslin, Janet (12. oktober 1996). «Taking a Trip Back in Time To the Sleek Young Stones». The New York Times. Henta 23. august 2012.