Jesse Ed Davis
Jesse Edwin Davis (21. september 1944–22. juni 1988) var ein amerikansk gitarist av urfolksopphav som vart mykje nytta som studiomusikar.[1] His death in 1988 was attributed to a drug overdose.[2]
Jesse Edwin Davis | |||
Fødd | 21. september 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Norman | ||
Død | 22. juni 1988 (43 år) | ||
Dødsstad | Venice i Los Angeles i California | ||
Fødenamn | Jesse Edwin Davis III | ||
Aktiv | 1950- til 1980-åra | ||
Sjanger | Rock, blues | ||
Instrument | Elektrisk gitar, slidegitar | ||
Tilknytte artistar | Taj Mahal, Gene Clark, John Lennon, Leonard Cohen, George Harrison, Jackson Browne, John Lee Hooker | ||
Plateselskap | Atco | ||
Verka som | Studiomusikar | ||
Far | Jesse Edwin Davis II |
Biografi
endreDavis var fødd i Norman i Oklahoma som son av Jesse Edwin (Bus) Davis II, som var av comanche-, seminole- og muscogee- (creek) opphav, og Vivian Mae (Bea) Saunkeah, som var kiowa.[3][4] [5][6]
Davis spelte med Taj Mahal og spelte gitar og piano på dei tre første albuma hans. Etter Mahal byrja Davis som studiomusikar for David Cassidy, Albert King, Willie Nelson og andre. I 1971 spelte han inn det første soloalbumet sitt, Jesse Davis (1971), med korvokal av Gram Parsons og hjelp av Leon Russell og Eric Clapton, blant fleire.
Davis var nær ven med Gene Clark. I 1971 spelte han på det andre soloalbumet til Clark, White Light, og spelte sologitar på Clark sitt No Other i 1974. På debutplata til Jackson Browne i 1972, spelte han soloen på «Doctor My Eyes». Etter å ha spelt med Russell på Bob Dylan-singelen «Watching the River Flow» i 1971, spelte Davis med George Harrison, mellom anna på Concert for Bangla Desh i 1971 i lag med med Ringo Starr, Billy Preston, Russell, Keltner, Clapton og andre.[7]
Han spelte inn to soloalbum til i 1972, Ululu, og i 1973 med Keep Me Comin. Kring same tid byrja Davis å arbeide med John Lennon, og spelte sologitar på albuma Walls and Bridges (1974) og Rock 'n' Roll (1975). I tillegg var Davis gjesteartist på andre album av tidlegare Beatles-medlemmar, som Harrison sitt Extra Texture (1975) og Starr sitt Goodnight Vienna (1974) og Ringo's Rotogravure (1976).
Seint på sommaren og hausten 1975 spelte han med Faces som andregitarist på den siste amerikanske turneen deira.
Davis fortsette arbeidet som studiomusikar og spelte på album av Eric Clapton, Rod Stewart, Keith Moon, Steve Miller, Guthrie Thomas, Harry Nilsson, Ry Cooder, Neil Diamond, Rick Danko, Van Dyke Parks og andre. Han spelte på Leonard Cohen sitt Death of a Ladies' Man (1977).
I 1977 flytta han til Hawaii, men kom attende til Los Angeles i 1981 med eit alkohol- og narkotikaproblem. Det meste av 1980-åra var han inn og ut av rehabiliteringsklinikkar. 22. juni 1988 omkom Davis av ein narkotikaoverdose.[8] Han vart 43 år gammal.
I 2002 vart han posthumt innlemma i Oklahoma Jazz Hall of Fame.
Diskografi
endreMed Junior Markham & The Tulsa Review
endre- «Let 'em Roll Johnny / Operator Operator» (Uptown Records, 1967)
- «Black Cherry / Gonna Send You Back to Georgia» (Uptown Records, 1967)
Med Taj Mahal
endre- Taj Mahal (Columbia Records, 1968)
- The Natch'l Blues (Columbia Records, 1968)
- Giant Step (Columbia Records, 1969)
- The Rolling Stones Rock and Roll Circus (ABKCO Records, 1996)
Som leiar
endre- Jesse Davis (Atco Records, 1971)
- Ululu (Atco Records, 1972)
- Keep Me Comin or Keep On Coming (Epic Records, 1973)
Som sidemann
endre- Daughters of Albion - Daughters of Albion (1968)
- Look Inside the Asylum Choir - The Asylum Choir (1968)
- Live at Bill Graham's Fillmore West - forskjellige artistar (1969)
- «Watching the River Flow / Spanish is the Loving Tongue» - Bob Dylan (1971)
- Roger Tillison's Album - Roger Tillison (1971)
- Minnows - Marc Benno (1971)
- Feel Your Groove - Ben Sidran (1971)
- There's Gotta Be a Change - Albert Collins (1971)
- Booker T. & Priscilla - Booker T. & Priscilla (1971)
- Warm Waters - Charles Lloyd (1971)
- Happy Just to Be Like I Am - Taj Mahal (1971)
- She Used to Wanna Be a Ballerina - Buffy Sainte-Marie (1971)
- Leon Russell and the Shelter People - Leon Russell (1971)
- Asylum Choir II - The Asylum Choir (1971)
- Endless Boogie - John Lee Hooker (1971)
- Lovejoy - Albert King (1971)
- White Light - Gene Clark (1971)
- The Concert for Bangladesh - George Harrison & Friends (1971)
- Ambush - Marc Benno (1972)
- Out the Window - Jim Pulte (1972)
- Salty - Alex Richman (1972)
- L.A. Midnight - B.B. King (1972)
- Jackson Browne - Jackson Browne (1972)
- Recall the Beginning...A Journey from Eden - Steve Miller Band (1972)
- Rod Taylor - Rod Taylor (1973)
- These Foolish Things - Bryan Ferry (1973)
- Last of the Brooklyn Cowboys - Arlo Guthrie (1973)
- Home at Last - Wayne Berry (1974)
- Arlo Guthrie - Arlo Guthrie (1974)
- L.A. Turnaround - Bert Jansch (1974)
- No Other - Gene Clark (1974)
- Walls and Bridges - John Lennon (1974)
- Goodnight Vienna - Ringo Starr (1974)
- Pussy Cats - Harry Nilsson (1974)
- That's a Plenty - Pointer Sisters (1974)
- ST11261 - Brewer & Shipley (1974)
- Burnin' Thing - Mac Davis (1975)
- The Eyes of an Only Child - Tom Jans (1975)
- See How the Years Have Gone By - Valdy (1975)
- Stars - Cher (1975)
- Two Sides of the Moon - Keith Moon (1975)
- Extra Texture (Read All About It) - George Harrison (1975)
- Rock 'n' Roll - John Lennon (1975)
- Duit on Mon Dei - Harry Nilsson (1975)
- Born to Be with You - Dion (1975)
- New Arrangement - Jackie DeShannon (1975)
- Earthbound - The 5th Dimension (1975)
- Midnight on the Water - David Bromberg Band (1975)
- Atlantic Crossing - Rod Stewart (1975)
- A Night on the Town - Rod Stewart (1976)
- Sandman - Harry Nilsson (1976)
- Diggin' It - Dunn & Rubini (1976)
- Cupid's Arrow - David Blue (1976)
- Welcome to Club Casablanca - Long John Baldry (1976)
- Time Is on My Side - Tracy Nelson (1976)
- Motion - Geoff Muldaur (1976)
- Attitudes - Attitudes (1976)
- Home Is Where the Heart Is - David Cassidy (1976)
- Beautiful Noise - Neil Diamond (1976)
- Slow Down World - Donovan (1976)
- No Reason to Cry - Eric Clapton (1976)
- Ringo's Rotogravure - Ringo Starr (1976)
- Clang of the Yankee Reaper - Van Dyke Parks (1976)
- Death of a Ladies' Man - Leonard Cohen (1977)
- Blue Collar (soundtrack) - med Captain Beefheart og Jack Nitzsche (1978)
- A Little Kiss in the Night - Ben Sidran (1978)
- The Legend of Jesse James - forskjellige artistar (1980)
- Kent State (soundtrack) - forskjellige artistar (1981)
- Hobo Eagle Thief - Guthrie Thomas (1983)
- AKA Grafitti Man - John Trudell (1986)
- Heart Jump Bouquet - John Trudell (1987)
- Taj - Taj Mahal (1987)
- Slide of Hand - Scott Colby (1987)
- It's a Sin to Be Rich - Lightnin' Hopkins (1992, recorded in 1972)
- «1000 Dollar Wedding» og «Hot Burrito #1» - Gram Parsons (1992, EP, spelt inn 1971)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jesse Ed Davis» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Simmonds, Jeremy. The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches. p. 235.
- ↑ Ask the Globe. Boston Globe, 21. oktober 1988.
- ↑ «Vivian Mae Saunkeah Davis Obituary». The Oklahoman. 25. august 2006. Arkivert frå originalen 21. april 2021. Henta 20. april 2020.
- ↑ Bates, Richenda. «Davis, Jesse Edwin III | The Encyclopedia of Oklahoma History and Culture». www.okhistory.org. Henta 20. april 2020.
- ↑ «Oklahoma Music Trail: Jesse Ed Davis». TravelOK.com - Oklahoma's Official Travel & Tourism Site (på engelsk). Henta 20. april 2020.
- ↑ 18th Annual Native American Music Awards Oct 25, 2019 on YouTube (acceptance speech starts at min 54:00).
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 11. januar 2018, henta 3. juni 2018
- ↑ «Drug Overdose Blamed In Death of Guitarist». The Oklahoman. 25. juli 1988. Arkivert frå originalen 6. mars 2017. Henta 6. mars 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Jas Obrecht Jesse Ed Davis: “I Just Play the Notes That Sound Good” 2010 Jas Obrecht Music ARCHIVE.
- Dan Forte Jesse Ed Davis: Guitar Hero's Guitar Hero August 2005 Vintage Guitar (magazine).