The Scarecrow
The Scarecrow Singel av Pink Floyd frå albumet The Piper at the Gates of Dawn | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. juni 1967 | |
Innspelt | 22. mars 1967 | |
Studio | Abbey Road Studios (London, Storbritannia) | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 2:11 | |
Selskap | EMI Columbia (Storbritannia) Tower (USA) | |
Komponist | Syd Barrett | |
Tekstforfattar | Syd Barrett | |
Låtskrivar(ar) | Syd Barrett | |
Produsent | Norman Smith | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«Arnold Layne» (1967) |
The Scarecrow | «Apples and Oranges» (1967)
|
«The black and green scarecrow is sadder than me
But now he's resigned to his fate»
«The Scarecrow» er ein song av Pink Floyd på debutalbumet deira The Piper at the Gates of Dawn frå 1967,[1][2] som først kom ut som B-side til den andre singelen deira «See Emily Play» (som «Scarecrow») to månader tidlegare. Han vart skriven av Syd Barrett og spelt inn i mars 1967.
Historie
endreSongen inneheld gryande eksistensialist-tema, der Barrett samanliknar sin eigen eksistens med fugleskremselet (the scarecrow), som sjølv om det er tristare òg har «avfunne seg med lagnaden sin». Slike tema vart seinare mykje nytta i tekstane til bandet. Songen har eit instrumental parti som er barokk, psykedelisk folk framført med 12-strengs akustisk gitar og cello. Mange band i den tidlege psykdeliske perioden eksperimenterte med lydteknikken og her er alle instrumentane anten ekstremt til venstre eller ekstremt til høgre i stereoen, med to vokale linjer, ei talt og ei sungen. Den amerikanske singelen (Tower 356) kom ut på Tower Records tre gonger mellom juli 1967 og seint i 1968. Han fekk aldri suksessen han fekk i Storbritannia.
Musikkvideoar
endreEin promovideo for songen vat laga for ei filmavis av Pathé og filma tidleg i juli 1967 der bandet tullar seg på ei open eng med eit fugleskremsel. Han syner Roger Waters som fell ned som om han vart skoten og Nick Mason som byter hatt med fugleskremselet.[3] Delar av filmen har blitt nytta under Waters si konsertframføring av «Set the Controls for the Heart of the Sun».
Ein annan video vart filma i 1968 i Brussel i Belgia med David Gilmour i staden for Barrett, der Waters mimar medan han spelar på Rickenbacker-bassen sin med ein fiolinboge.
Medverkande
endre- Syd Barrett – solovokal, elektrisk gitar, 6- & 12-strengs akustisk gitar
- Richard Wright – Farfisa orgel, cello, korvokal
- Roger Waters – bassgitar, boga bass
- Nick Mason – tempelkubbar, metallkoppar
Andre versjonar
endreDet industrielle bandet Rx spelte inn «The Scarecrow» på albumet deira Bedside Toxicology. Han vart sungen av Nivek Ogre frå Skinny Puppy.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Scarecrow (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5.
- ↑ Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X.
- ↑ http://www.nme.com/nme-video/youtube/id/4cs0PXxJKak