Set the Controls for the Heart of the Sun

song av Pink Floyd
Set the Controls for the Heart of the Sun
Song av Pink Floyd
frå albumet A Saucerful of Secrets
Utgjeve 29. juni 1968 (Storbritannia)
27. juli 1968 (USA)
Innspelt 7–8. august og oktober 1967, januar 1968
Sjanger
Lengd 5:27 (A Saucerful of Secrets-versjonen)
9:27 (Ummagumma-versjonen)
Selskap EMI Columbia (Storbritannia)
Tower (USA)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Norman Smith

«Set the Controls for the Heart of the Sun» er ein song av det engelske rockebandet Pink Floyd. Han kom ut på det andre albumet deira, A Saucerful of Secrets (1968).[3] Songen var skriven av Roger Waters[3] med trommer av Nick Mason spelt med paukeklubber. Sporet var planlagt for ein singel i lag med «Scream Thy Last Scream», den 8. september, men plateselskapet deira, EMI, la ned veto.[4] Songen vart mykje framført på konsertane deira mellom 1967 og 1973[3] og kan høyrast på konsertdelen av albumet Ummagumma frå 1969[3] og kan sjåast i filmen Pink Floyd: Live at Pompeii frå 1972.[3] Songen er ein av to songar frå A Saucerful of Secrets som er med på samleplata Echoes: The Best of Pink Floyd frå 2001[5] og er den einaste Pink Floyd-songen der alle dei fem medlemmane speler, med gitar både frå David Gilmour og Syd Barrett.

Tekst og musikk endre

One inch of love is one inch of shadow
Love is the shadow that ripens the wine

Roger Waters (1967)

I følgje eit intervju med Gilmour i dokumentarfilmen Which One's Pink? frå 2006, inneheld studioversonen av songen mindre gitararbeid frå både Gilmour og Barrett, slik at «Set the Controls for the Heart of the Sun» er den einaste Pink Floyd-song med alle dei fem medlemmane på. Det er derimot ikkje enkelt å høyre gitarspora sidan dei blandar seg med klaverinstrumenta og orgelet til Richard Wright.

Innspelinga av songen tok til i august 1967 med fleire lydspor lagt til i oktober same året og i januar 1968. I ein artikkel som vart trykt opp att i Bruno McDonald-boka Pink Floyd – Through the Eyes of ... står det at Waters lånte teksten frå ei bok med kinesiske dikt frå Tang-dynastiet (som seinare vart identifisert som boka Poems of the late T'ang, omsett av A.C. Graham).[6]

Blant dei lånte linjene (med omsetjinga til Graham) finn ein dei skrivne av Li He, som i diktet «Don't Go Out of the Door» inneheld linja «Witness the man who raved at the wall as he wrote his questions to Heaven»;[7] Li Shangyin som skreiv linjene «watch little by little the night turns around», «countless the twigs which tremble in dawn» og «one inch of love is one inch of ashes»; og Du Mu, som skreiv «Lotuses lean on each other in yearning».

Mottaking endre

I ei negativ melding for A Saucerful of Secrets skreiv Jim Miller i Rolling Stone at «Set the Controls for the Heart of the Sun», og «Let There Be More Light», var «keisame både melodisk, vokalt og tekstmessig.»[8] Miller skildra vidare at produksjonsarbeidet ikkje «er så glitrande som på det første albumet og at instrumentalane er dårlege og rutineprega».[8] Miller meinte òg at songen var for lang.[8]

Medverkande endre

Andre versjonar og konsertopptak endre

Pink Floyd framførte songen på konsetane sine frå 1967 til 1973. Eit opptak finst frå 9. september 1967 der Barrett og Waters byta gitar.[9] Den siste gongen Pink Floyd framførte songen var 13. oktober 1973 i Stadthalle i Wien, under Dark Side of the Moon-turneen. Konsertopptak av songen finst på Ummagumma frå 1969 og musikkfilmen Live at Pompeii frå 1972. Under desse opptaka er songen mykje lengre enn studioutgåva med mykje meir dynamikk, inkludert eit parti i midten med støymusikk.[10][11]

 
Waters framfører songen på The Dark Side of the Moon Live-turneen.

Songen har vore fast på soloturneane til Waters. Frå og med turneane i 1984-1985 vart «Set the Controls for the Heart of the Sun» framført i eit nytt arrangement med kvinnelege koristar, saksofonsoloar og ein gitarsolo (og til og med ein shakuhachi-solo i 1985). Ein forkorta versjon (berre tre av versa) med ein enkel akustisk gitar vart framført ved eit par høve under Radio K.A.O.S-turneen i 1987. Songen var med på setlista for In the Flesh-turneen 1999–2002, der stillbilete frå videoane til «Arnold Layne» og «The Scarecrow» vart vist på store skjermar. Denne versjonen hadde ein psykedelisk gitarsolo av Snowy White, og ein saksofonsolo. Eit konsertopptak frå denne turneen finst på In the Flesh – Live frå 2000, både DVD-filmen og konsertalbumet. I juni 2002 spelte Nick Mason trommer på songen på to konsertar på Wembley Arena i London. Dette var første indikasjonen på forsoning etter at det hadde vore fiendskap mellom Waters og resten av bandet sidan midten av 1980-åra. Songen vart òg framført på Waters-turneen i 2006–2008.[12]

I 2016 framførte Waters igjen songen på konsertane sine i Zocalo Square og Foro Sol i Mexico, og på Desert Trip-festivalen i USA, men vart droppa frå setlista for Us + Them-turneen i 2017.

Songen vart framført av Nick Mason's Saucerful of Secrets i 2018 og 2019.[13] Under ein konsert 18. april 2019 i New York City song Roger Waters solovokal på songen og slo på gong.[14]

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. «Set the Controls for the Heart of the Sun Review». Stewart Mason. Henta 13. juni 2019. 
  2. Gulla, Bob (2009). «David Gilmour». Guitar Gods: The 25 Players Who Made Rock History. Westport, Conn.: Greenwood Press. s. 92. ISBN 0-313-35806-0. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus. ISBN 0-7119-4301-X. 
  4. Palacios, Julian (1998). «'Like Summer Tempests Came His Tears' (July 1967–January 1968)». Lost in the Woods: Syd Barrett and the Pink Floyd. London: Boxtree. s. 180. ISBN 0-7522-2328-3. 
  5. «Echoes: the album credits». Pink Floyd. Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 13. juni 2019. 
  6. Allusions to Classical Chinese poetry in Pink Floyd
  7. Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark globe. London: Plexus. s. 265. ISBN 978-0-85965-431-9. «Waters borrows a succinct line from 9th-century poet Li He's 'Don't Go Out of the Door', which appeared in the original poem as: 'Witness the man who raved at the wall as he wrote his questions to Heaven.'» 
  8. 8,0 8,1 8,2 Miller, Jim (26. oktober 1968). «A Saucerful of Secrets». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. april 2014. Henta 13. juni 2019. 
  9. Palacios, Julian (2010). «Summer Tempests». Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 271. ISBN 0-85965-431-1. 
  10. Manning, Toby (2006). «The Albums». The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 160. ISBN 1-84353-575-0. 
  11. Mason, Stewart. «Set the Controls for the Heart of the Sun - Pink Floyd : Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Henta 13. juni 2019. 
  12. Sweeting, Adam (20. mai 2008). «Roger Waters: set the controls for the heart of the Floyd». Telegraph. Henta 13. juni 2019. 
  13. https://www.setlist.fm/setlist/nick-mason/2018/the-half-moon-london-england-3bed3048.html
  14. https://consequenceofsound.net/2019/04/roger-waters-nick-mason-nyc-watch/
  15. «Red Temple Spirits: If Tomorrow I Were Leavin' for Lhasa, I wouldn't Stay a Minute More > Overview». Allmusic. Henta 13. juni 2019. 
  16. «Set the Controls for the Heart of the Bass - Bassomatic | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 13. juni 2019. 
  17. «Nemesis (9) - Xcelsior». Discogs. Henta 1. september 2015. 
  18. «Nightstick - Blotter». Discogs (på engelsk). Henta 13. juni 2019. 
  19. «Psychic TV - Trip Reset». Discogs (på engelsk). Henta 13. juni 2019. 
  20. https://www.youtube.com/watch?v=EQIEkudscrA
  21. «OSI - Office Of Strategic Influence». Discogs (på engelsk). Henta 13. juni 2019. 
  22. «Ø - Oleva». Discogs (på engelsk). Henta 13. juni 2019. 
  23. «Revelations of the Black Flame - 1349 | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 13. juni 2019. 
  24. «AyseDeniz Gokcin - Pink Floyd Classical Concept». Discogs (på engelsk). Henta 13. juni 2019. 
  25. «The melancholy greatness of «All My Friends»». Slate. 12. juli 2007. Henta 15. november 2016.