The Six Teens
Singel av Sweet
frå albumet Desolation Boulevard
B-side

Burn on the Flame

Språk engelsk
Utgjeve Juli 1974
Innspelt 1974
Sjanger Glamrock[1]
Lengd 4:01
Selskap RCA
Komponist Nicky Chinn, Mike Chapman
Tekstforfattar Nicky Chinn, Mike Chapman
Låtskrivar(ar) Nicky Chinn, Mike Chapman
Produsent Phil Wainman, Nicky Chinn, Mike Chapman
Sweet-kronologi 
«Teenage Rampage»
(1974)
The Six Teens «Turn It Down»
(1974)


«The Six Teens» (ofte skrive «The Sixteens») er ein song frå 1974 av det britiske glamrockbandet Sweet, skriven av Nicky Chinn og Mike Chapman, som kom ut på Sweet-albumet Desolation Boulevard. Songen var den første singelen dei gav ut under namnet «Sweet» (tidlegare heitte dei The Sweet). B-sida er ein bandkomposisjon kalla «Burn on the Flame».

Bakgrunn endre

Songen refererer til seks tenåringar som veks opp i den revolusjonære retorikken frå 1960-åra. Songen var den nest siste singelen skriven av Chinn og Chapman for bandet og den siste som den mangeårige produsenten Phil Wainman hjelpte til med.

Songen inneheld mjukare akustisk vers i kontrast til tyngre, elektriske gitarbaserte refreng og vart sett på som noko av eit vesentleg avvik frå glamrockstilen til bandet, som ein fann på tidlegare singlar. Gitaristen Andy Scott har fortalt når han introduserte songen på konsertar med det noverande bandet sitt at han ofte at han meinte songen var den beste Chinn og Chapman skreiv.

Singelen nådde topp 10 i fleire land i Europa og vart den tiande førsteplassen deira i Danmark. The Vinyl District omtalte songen som ein «ein ekte, tapt glamrock-klassikar».[2]

Salslister endre

Liste (1974) Plassering
Australia 48
Austria 9
Danmark 1
Finland 8
Tyskland 4
Ireland 15
Nederland 7
Norway 7
Sveits 6
Storbritannia [3] 9

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Savage, Jon (1. februar 2013). «The 20 best glam-rock songs of all time». The Guardian. Henta 3. februar 2014. 
  2. Little, Michael H. (17. juni 2016). «Graded on a Curve: Sweet, Desolation Boulevard». The Vinyl District. 
  3. «UK Official Charts». Official Charts Company. 2019. Henta 1. oktober 2021.