Andy Scott

britisk låtskrivar og musikar

Andrew David Scott (fødd 30. juni 1949) er ein walisisk musikar og låtskrivar. Han er mest kjend for å ha vore sologitarist og korvokalist i bandet Sweet.[1] Etter at bassisten Steve Priest døydde i 2020 er Scott den einaste som er att frå den klassiske besetninga i bandet.

Andy Scott

Scott i august 2018
Fødd30. juni 1949 (75 år)
FødestadWrexham i Wales
FødenamnAndrew David Scott
OpphavStorbritannia, Canada
AktivSidan 1963
SjangerHardrock, glamrock, heavy metal
InstrumentGitar, klaverinstrument, vokal
Tilknytte artistarSweet
The Silverstones
The Elastic Band
Mayfield's Mule
Verka somMusikar, låtskrivar

Scott kom inn i The Sweet sommaren i 1970 då han erstatta Mick Stewart etter ei prøvespeling. Han var medlem av bandet fram til det vart oppløyst i 1982. I 1985 skipa han sin eigen variant av The Sweet, som sidan fekk namnet Andy Scott's Sweet.

Diskografi

endre

Med Sweet

endre
For meir om dette emnet, sjå diskografien til Sweet.

Som Andy Scott

endre

Album

endre

Singlar

endre
  • «Lady Starlight» / «Where D'Ya Go» (1975; RCA)
  • «Where D'Ya Go» / «Lady Starlight» (1975; RCA)
  • «Krugerrands» / «Face» (1984; Statik)
  • «Let Her Dance» / «Suck It And See» (1984; Statik)
  • «Invisible» / «Never Too Young» (1984; Statik)

12"-singlar

endre
  • «Gotta See Jane» / «Gotta See Jane» (Radio Mix) (3:10) / «Krugerrands» (4:00)
  • «Krugerrands» (Club Mix) (4:04) / «Face» (4:48) / «Krugerrands» (Single Edit) (3:40) / «Krugermental» (4:08)
  • «Let Her Dance» (8:06) / «Let Her Dance» (Instrumental) (4:24) / «Suck It and See» (4:19)
  • «Invisible» (7« Version) (3:54) / »Invisible« (Instrumental) (5:53) / »Invisible« (5:20) / »Never Too Young" (3:08)

Med Ladders

endre

Singlar

endre
  • «Gotta See Jane» / «Krugerrands» (1983; Statik/Virgin)

Med Andy Scott's Sweet

endre

Etter år 2000 berre kalla «Sweet» igjen

Singlar

endre
  • «X-Ray Specs» (1991; SPV)
  • «Stand Up» (1992; SPV)
  • «Am I Ever Gonna See Your Face Again» (1992; SPV)
  • «Do It All Over Again» (2002; Delicious Records)
  • «Join Together» (2011; digital) (ein cover av The Who-songen skriven av Pete Townshend)
  • «Let It Snow» (2011; digital release)

Album

endre
Studio
  • "A" (1992; SPV)
  • The Answer (1995; SPV) (nyutgjeven annan versjon av 'A' med ekstra spor)
  • Hannover Sessions (1996; Pseudonym)
  • Dangerous Game (1997; Chinebridge) (nyutgjeving av 'The Answer')
  • Chronology (2002; Delicious) (studio album med nyinnspelingar av Sweet-songar)
  • Sweetlife (2002; Delicious)
  • New York Connection (2012) (studioalbum med coversongar)
  • The Hits (2012) (studioalbum med nyinnspelingar av Sweet-songar og «Let It Snow» som løynd bonusspor.
Konsert
  • Live at the Marquee (1989; SPV/Maze)
  • Alive and Giggin'! (1995; Pseudonym)
  • Glitz, Blitz & Hitz (1996; CNR)
  • Sweet Fanny Adams Revisited (2012)
  • Desolation Boulevard Revisited (2012)

Kjelder

endre
  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Biography: Sweet». Allmusic. Henta 1. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Andy Scott