The Sound of Johnny Cash
The Sound of Johnny Cash Studioalbum av Johnny Cash | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1962 | |
Innspelt | 28. april 1961-12. februar 1962 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 25:12 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Don Law, Frank Jones | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Johnny Cash-kronologi | ||
Hymns from the Heart (1962) |
The Sound of Johnny Cash | All Aboard the Blue Train (1962)
|
The Sound of Johnny Cash er det trettande albumet til countryartisten Johnny Cash. Det vart gitt ut i 1962 av Columbia Records. Blant anna inneheld det låtane «In the Jailhouse Now», ein Jimmie Rodgers-låt som nådde åttande plass på country-hitlistene, og «Delia's Gone», som Cash seinare spelte inn på ny på American Recordings i 1994. Cash spelte òg inn ein sakte versjon av «I'm Free from the Chain Gang Now» som til slutt vart gitt ut i 2006 på American V: A Hundred Highways som siste spor på albumet.
Innspeling
endre«Mr. Lonesome» vart spelt inn 28. april 1961 i Bradley Film & Recording Studio i Nashville i Tennessee. «I'm Free from the Chain Gang Now» vart spelt inn 19. juli 1961 i CBS Recording Studio i Hollywood, California. Resten av låtane vart spelt inn mellom 10. og 12. februar 1962 i Columbia Recording Studio i Nashville.[2]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Lost on the Desert» (Dallas Frazier, Buddy Mize) | 2:01 |
2. | «Accidentally on Purpose» (Darrel Edwards, George Jones) | 1:56 |
3. | «In the Jailhouse Now» (Jimmie Rodgers) | 2:23 |
4. | «Mr. Lonesome» (Tompall Glaser) | 2:18 |
5. | «You Won't Have Far to Go» (Chuck Glaser) | 1:50 |
6. | «In Them Old Cottonfields Back Home» (Leadbelly) | 2:34 |
7. | «Delia's Gone» (Karl Silbersdorf, Dick Toops) | 2:01 |
8. | «I Forgot More Than You'll Ever Know» (Cecil Null) | 2:27 |
9. | «You Remembered Me» (Cash) | 2:05 |
10. | «I'm Free from the Chain Gang Now» (Lou Herscher, Saul Klein) | 1:51 |
11. | «Let Me Down Easy» (Tompall Glaser, Jim Glaser) | 1:46 |
12. | «Sing It Pretty, Sue» (Cash) | 2:00 |
Medverkande
endre- Johnny Cash - Hovudartist, vokal, gitar
- Luther Perkins - Elgitar
- Ray Edenton, Johnny Western, Tompall Glaser - Gitar
- Don Helms - Steelgitar
- Marshall Grant - Bass
- W.S. Holland - Trommer
- Floyd Cramer - Piano
- Glaser Brothers, The Jordanaires - Kor
Listeplassering
endreAlbumet hamna ikkje på listene til Billboard, men i 1962 gjekk singelen "In the Jailhouse Now" til åttande plass på countrylistene.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:The Sound of Johnny Cash» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2012.