The Wayfaring Stranger

The Wayfaring Stranger
Song
Sjanger USA-amerikansk folkemusikk
Låtskrivar(ar) ukjend

«The Wayfaring Stranger» (òg kjend som «Poor Wayfaring Stranger» eller «I Am a Poor Wayfaring Stranger»), Roud 3339, er ein kjend USA-amerikansk folke- og gospelsong, som truleg oppstod på 1800-talet[1] om ei enkel sjel på reise gjennom livet. Som med dei fleste folkevisene finst det mange variantar av teksten.

I følgje boka The Makers of the Sacred Harp av David Warren Steel og Richard H. Hulan, vart teksten publisert i 1858 i Bever's Christian Songster. Dette kna ha vore første gongen songen var på trykk på engelsk. Steel og Hulan meiner at songen kan ha kome frå den tyskspråklege salmen «Ich bin ein Gast auf Erden» av Isaac Niswander frå 1816.[2]

Under og i fleire år etter den amerikanske borgarkrigen var teksten kjend som «Libby Prison Hymn».[3] Dette kom av at teksten var rissa inn veggen av ein døyande Union-soldat som sat i Libby Prison, eit frykta sørstatsfengsel i Richmond i Virginia. Det vart trudd at den døyande soldatane hadde skrive songen sjølv for å trøyste ein annan soldat, men sidan songen vart publisert fleire år før borgarkrigen byrja (og før Libby Prison fanst), var ikkje dette tilfelle.

Medlemmar av Western Writers of America valde ut songen som ein av dei 100 beste western-songane gjennom tidene.[4]

Kjende versjonar endre

  • Den første kjende innspelinga av songen vart gjort av Vaughan's Texas Quartet i 1930, under tittelen The Wayfaring Pilgrim. Denne vart spelt inn 9. oktober 1929.[5]
  • Songen vart ein av signaturlåtane til Burl Ives og kom ut i 1944 på albumet hans The Wayfaring Stranger. Ives nytta det som tittelen på radioprogrammet han hadde på CBS tidleg i 1940-åra og på sjølvbiografien hans frå 1948.[6]
  • Emmylou Harris spelte inn songen i 1980 på albumet hennar Roses in the Snow. Harris si utgåve nådde sjuandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista.[7] Songen gjekk heilt til topps på den kanadiske RPM Country Tracks-lista.[8]
  • Songen, omtalt som «I Am a Poor Wayfaring Stranger», vart nytta i dramafilmen 1917 frå 2019.[9] Han vart der framført av skodespelaren og songaren Jos Slovick. I februar 2020 samla Change.org inn over 2 500 underskrifter for å få filmprodusentane Universal Pictures og DreamWorks Pictures til å gje ut ei full studioinnspeling av framføringa til Slovick.[10]
  • Songen vart òg nytta i videospelet The Last of Us Part II i 2020, der skodespelarane Ashley Johnson og Troy Baker, som rollefigurane Ellie og Joel, framfører songen over rulleteksten med ekstra tekst.[6]

Kjelder endre

  1. Norman Cazden, Herbert Haufrecht, Norman Studer. Folk Songs of the Catskills. SUNY Press, 1982. 292-94. ISBN 0-87395-581-1
  2. Steel, David Warren; Hulan, Richard H. (2010), The Makers of the Sacred Harp, University of Illinois Press, s. 234 .
  3. «The Libby Prison hymn». Brown University Library. Henta 15. november 2020. 
  4. «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Western Writers of America. 2010. Arkivert frå originalen 10. august 2014. 
  5. «The Wayfaring Pilgrim by Vaughan's Texas Quartet». Secondhand Songs. Henta 15. november 2020. 
  6. 6,0 6,1 «Poor Wayfaring Stranger: What is the song used in 1917 and The Last of Us 2 soundtracks?». Smooth Radio. 27. juli 2020. Henta 15. november 2020. 
  7. «Emmylou Harris - Awards». AllMusic. Henta 24. juni 2013. 
  8. «RPM Country Tracks for 23. august 1980». RPM. Henta 24. juni 2013. 
  9. «1917 soundtrack: What is the 'Wayfaring Stranger' song in the war film?». ClassicFM. ClassicFM. 29. januar 2020. Henta 11. juni 2020. 
  10. «What is the 'Wayfaring Stranger' song in the woods?». Smooth Radio. Henta 12. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff endre