The World («Verda») eller World Islands er ei kunstig øygruppe av forskjellige små øyar grovt forma som eit verdskart, i Persiabukta, 4 km utafor kysten av Dubai i Dei sameinte arabiske emirata.[1] The World består hovudsakleg av sand som er mudra opp frå den grunne kysten av Dubai og er ei av fleire kunstige øygrupper i Dubai.[1] The World er utvikla av Nakheel Properties og prosjektet var opphavleg ein idé av sjeik Muhammed bin Rashid Al Maktoum, som regjerer i Dubai.

The World
øy
The World tidleg i 2009
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Dubai
Del av verda
Koordinatar 25°13′00″N 55°10′00″E / 25.21667°N 55.16667°E / 25.21667; 55.16667
Lengd km
Kart
The World
25°13′00″N 55°10′00″E / 25.216666666667°N 55.166666666667°E / 25.216666666667; 55.166666666667
Wikimedia Commons: The World

Bygginga av dei 300 øyane byrja i 2003, men stoppa opp under finanskrisa i 2008.[2] Så seint som 2013 var berre to av øyane ferdigutvikla. I 2014 byrja utbygginga av fleire av øyane som utgjer Europa.[3].

Øyane er frå 14 000 til 42 000 m² store.[1] Avstanden mellom øyane er i snitt 100 meter. Der er bygd opp av 321 millionar kubikkmeter sand og 386 millionar tonn stein.[1] Heile området dekkjer 6 x 9 kilometer og er omgjeve av ei ovalforma bølgjebrytande øy. Det vart skapt omtrent 232 km med kystlinje. Den totale konstaden for The World i 2005 var estimert til 14 milliardar USD.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Dubai's Palm and World Islands - progress update». AMEInfo. 4. oktober 2007. Henta 6. juni 2016. 
  2. «'The World' is sinking». The Age. 28. januar 2011. Henta 28. januar 2011. 
  3. «KLEINDIENST GROUP LAUNCHES ICONIC THE HEART OF EUROPE PROJECT». jk-properties.com. JK Properties. Januar 2014. Arkivert frå originalen 24. mars 2016. Henta 14. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: The World