Themsenestuaret
Themsenestuaret er estuaret til Themsen, der denne elva munnar ut i Nordsjøen.
Det er ikkje letter å definere grensene til estuaret,[1] sjølv om den fysiske botn av sjøområdet, nær Canvey Island ved kysten av Essex kystlengd er truleg den vestlege grensa. Den austlege grensa, som foreslått av Hydrological Survey av 1882-9, er ei linje trekt frå North Foreland i Kent via Kentish Knock fyr til Harwich i Essex. Det er til her dei typiske sandbankane langs estuaret strekkjer seg til.[2] Estauaret har den nest største tidvassrørsla i verda, der vatnet kan stige med fire meter med ein snøggleik på 12-13 km/t.
Estuaret er eit av dei største av 170 slike bukter langs kysten av Storbritannia. Det er ei stor skipsrute med tusenvis av rørsler kvart år som oljetankarar, containerskip, bulkskip og lekterskip på veg mot Port of London og Medway Ports i Sheerness, Chatham og Thamesport.
Ein av dei største vindfarmane i Storbritannia er under utvikling i estuaret, 8,5 km nord for Herne Bay. Farmen består av 30 vindturbinar som genererer totalt 82,4MW elektrisitet. Den mykje større London Array med ein kapasitet på 1GW er òg planlagt.
Greater Thames-estauaret
endreOmgrepet Greater Thames-estauaret [3] vert nytta om kysten og dei lågtliggande områda som grensar til sjølve estuaret. Dette er kjenneteikna med marskland, mudderflater og opne strender, særleg North Kent Marshes og Essex Marshes. Stigande havnivå somme stader kan gjere det naudsynt å legge noko av desse landområda under vatn for å ta trykket av verneverka. Isle of Sheppey, Foulness Island og Mersea Island er ein del av kystlinja.
På høgareliggande landområde er det nokre store busetnader, som Clacton-on-Sea (nord i Essex), Herne Bay i Kent, og Southend-on-Sea-området.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thames Estuary» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Countryside Agency definition of the Greater Thames-estauaret, arkivert frå originalen 27. februar 2006, henta 25. juli 2011
- ↑ Part of the Admiralty chart showing the sandbanks (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 29. februar 2008, henta 25. juli 2011
- ↑ The Thames-estauaret Partnership