Theodor Kallifatides

Theodor Kallifatides (fødd 12. mars 1938) er ein svensk forfattar og kulturperson. Han skriv på svensk. I 2000 blei Kallifatides tildelt ærestittelen Professors namn av den svenske regjeringa. Kallifatides er fødd i landsbyen Molai på halvøya Peloponnes i Hellas. Etter artium i 1956 arbeidde Kallifatides som skodespelar og avtente verneplikta. Kallifatides kom til Sverige i 1964. Han fekk fyrst småjobbar, lærte svensk og studerte filosofi. Han blei Cand.mag. i 1967. Han arbeidde som fiosofilærar i vidaregåande skule i Täby åra 1967-1969 på universitetet i Stockholm 1969-1972. Kallifatides var ansvarleg redaktør for tidsskriftet Bonniers litterära magasin mellom 1972 og 1976.

Theodor Kallifatides
Theodor Kallifatides Hki 2004 C.JPG
Fødd 12. mars 1938 (82 år)
Molái
Yrke filmregissør, manusforfattar, omsetjar, skribent, lyrikar, skodespelar
Theodor Kallifatides på Commons
Kallifatides 2012

Litterær verksemdEndra

Kallifatides debuterte som lyrikar, men han fekk sitt store gjennombrot med ein romantrilogi om livet i landsbyen Jalos under og etter den greske borgarkrigen. Fyrste del Bønder og herrer (1973) kom ut i norsk omsetjing i 1975.[1] I slutten av 1970-åra følgde fire romanar om kjærleik. Eit tema som forfattaren kjem attende til er situasjonen til innvandrarar i Sverige. Kallifatides har òg skrive kriminalromanar, historiske romanar, samt reiseskildringar og reportasjebøker. Bøkene hans er omset til gresk, engelsk og fransk.

VerklisteEndra

  • Minnet i exil: dikter (1969)
  • Utlänningar (1971)
  • Tiden är inte oskyldig: dikter (1971)
  • Bönder och herrar (1973)
  • Plogen och svärdet (1975)
  • Den sena hemkomsten. Skisser från Grekland (1976)
  • Den grymma freden (1977)
  • Kärleken (1978)
  • Mitt Aten (saman med Henrik Tikkanen) (1978)
  • En fallen ängel (1981)
  • Brännvin och rosor (1983)
  • Människor, skolböcker, minnen (1986)
  • Lustarnas herre (1986)
  • En lång dag i Athen (1989)
  • Sidospår (1991)
  • Vem var Gabriella Orlova? (1992)
  • Cypern: en resa till den heliga ön (1992)
  • Ett liv bland människor (1994)
  • Svenska texter (1994)
  • Det sista ljuset (1995)
  • Afrodites tårar: om gamla gudar och eviga människor (1996)
  • De sju timmarna i paradiset (1998)
  • För en kvinnas röst: en kärleksdikt (1999)
  • Ett enkelt brott: kriminalroman (2000)
  • Ett nytt land utanför mitt fönster (2001)
  • Den sjätte passageraren: kriminalroman (2002)
  • En kvinna att älska (2003)
  • I hennes blick: kriminalroman (2004)
  • Herakles (2006)
  • Mödrar och söner (2007)
  • Slump: kollektiv roman (2008)

Prisar og utmerkingarEndra

  • Litteraturfrämjandets stora romanpris 1982
  • Årets europé i Sverige 1998
  • Professors namn 2000
  • Stina Aronsons pris 2002
  • Siripriset 2007
  • Signe Ekblad-Eldhs pris 2008

KjelderEndra

  1. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008052200096 Kallifatides, Theodor. Bønder og herrer

LitteraturEndra