Theodor Nilsson Stousland (16. mars 18427. april 1910) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Søgne i Vest-Agder. Han var medlem av Venstre.

Theodor Stousland
Fødd 16. mars 1842
Død

7. april 1910

Yrke politikar

Stousland var son til ein gardbrukar. Han var fyrst sjømann, deretter omgangsskulehaldar i heimbygda. Han gjekk ut frå Holt seminar i 1864 og vart året etter tilsett som kyrkjesongar i Tveit. Tre år seinare, 1868, kjøpte han garden Ryten og vart gardbrukar òg. Åra 1893-99 var han lensmann i Søgne, sidan statsrevisor med arbeidsstad Christiania.

Stousland var 1874-93 jamt medlem av heradsstyret, ordførar 1880-85. Han var kasserar i sparebanken 1875-93, medlem av forlikskommisjonen 1877-93 og amtsrevisor 1882-86.

Stousland representerte Lister og Mandals amtStortinget 1889-1900 og 1902-06, samt einmannskrinsen Oddernes 1906-10. Han var 1889-94 medlem av protokollkomiteen, 1895-1900 sekretær i same. Større delar av 1902 møtte han som 1. varamann, medlem av kyrkjekomiteen. Han heldt i fram i den komiteen då han i 1903 på ny fekk fast stortingsplass, formann 1904-05. 1905-10 medlem av protokollkomiteen, formann i 1909-sesjonen. Stortingsvalet for Oddernes i perioden 1910-12 vart underkjent og det måtte omval til. Stousland tok difor sete i tinget fyrst 28. februar 1910. Kort etter vart han sjuk og døydde i Kristiania.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914