Theodor von Oppolzer

austerriksk astronom og matematikar

Theodor von Oppolzer (26. oktober 184126. desember 1886) var ein austerriksk astronom og matematikar av bøhmisk opphav.[1][2]

Theodor von Oppolzer

Theodor von Oppolzer
Fødd26. oktober 1841
Praha i Det austerrikske keisardømet
Død26 desember 1886
Wien i Austerrike-Ungarn
NasjonalitetKeisardømet Austerrike, Cisleithania
Områdeastronom og matematikk
Yrkematematikar, astronom
InstitusjonarUniversitetet i Wien
Alma materUniversitetet i Wien
EktefelleCoelestina Mautner von Markhof
BarnHilda von Oppolzer, Egon von Oppolzer, Agathe Freiin von Distler
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det austerrikske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences

Etter å ha teke den medisinske doktorgraden i 1864, vigde han seg heilt til astronomien. Han var professor i Wien frå 1875 og arbeidde særleg med utrekning av komet- og planetbanar. Dei viktigaste publikasjonane hans var Lehrbuch der Bahnbestimmung der Planeten und Kometen (1870 og 1880), og Canon der Finsternisse (1887), som inneheld elementa for alle sol- og måneformørkingar i tidsrommet 1205 f.Kr. til 2161 e.Kr.

Han var son av fysikaren Johann Ritter von Oppolzer.

Krateret Oppolzermånen og asteroiden 1492 Oppolzer er namnsette etter han. I tillegg var asteroiden 237 Coelestina namnsett etter kona hans og 153 Hilda og 228 Agathe etter dei to døtrene hans.

Kjelder endre