There's No Other (Like My Baby)
«There's No Other (Like My Baby)» er ein song skriven av Phil Spector og Leroy Bates og først spelt inn i 1961 av jentegruppa The Crystals med Spector som produsent.
Bakgrunn
endreBarbara Alston song førstevokal, som ho gjorde på dei neste to Crystals-utgjevingane «Uptown» og «He Hit Me (It Felt Like a Kiss)». Singelen var den første som kom ut på Spector sitt eige Philles Records og debuterte på Billboard Hot 100 i november 1961 og nådde 20. plassen i januar 1962. Songen var basert på gospelsongen «There's No Other Like My Jesus».
Pengekrangel
endreEtter The Crystals spelte inn «There's No Other» med Spector, gav Spector ut songen på det nyoppretta selskapet sitt,Phillies Records, trass i at han opphavleg arbeidde med The Crystals for Liberty Records. The Crystals fekk ikkje betaling av Spector for «There's No Other».[1]
Beach Boys-versjonen
endreThere's No Other (Like My Baby) Singel av The Beach Boys | ||
A-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 8. november 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Phil Spector, Leroy Bates | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
«California Girls» (1965) |
There's No Other (Like My Baby) | «Barbara Ann» (1965)
|
«There's No Other (Like My Baby)» vart spelt inn av den amerikanske gruppa The Beach Boys. Han kom ut i 1965 på albumet deira Beach Boys' Party! Heile gruppa medverkar på vokal, men Brian Wilson song meir enn dei andre. Songen vart òg gjeven ut 8. november 1965 som B-sida på «The Little Girl I Once Knew». Songen nådde 20. plassen på hitlista i USA.
Medverkande
endre- Brian Wilson – solovokal, bassgitar
- Mike Love - korvokal
- Carl Wilson - korvokal, akustisk gitar
- Dennis Wilson - korvokal, tamburinn
- Al Jardine - korvokal, akustisk gitar
- Bruce Johnston - korvokal, bassgitar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «There's No Other (Like My Baby)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Musso, Anthony P. (2007). Setting the Record Straight. AuthorHouse. s. 150. ISBN 9781425959869. Henta 21. februar 2018.