Opna hovudmenyen

Theresa Mary May (fødd Brasier1. oktober 1956) er ein britisk politikar som blei leiar av Det konservative partiet i Storbritannia 11. juli 2016 og statsminister etter David Cameron 13. juli. Før dette var ho innanriksminister frå 2010 til 2016 og parlamentsmedlem (medlem av Underhuset) for valkrinsen Maidenhead i Windsor i Berkshire sidan denne blei oppretta i 1997.

Theresa May
Theresa May official portrait.jpg
FøddTheresa Mary Brasier
1. oktober 1956 (62 år)
Eastbourne
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, statsmann
InstitusjonarBank of England
Association for Clearing Payment Services
Utdanna vedWheatley Park School
St Hugh's College
MorZaidee Mary Brasier
FarHubert Brasier
EktefellePhilip May
VervStatsminister i Storbritannia 13. juli 2016[1]–24. juli 2019
FøregangarDavid Cameron
EtterfylgjarBoris Johnson
VervLeiar av Det konservative partiet 11. juli 2016–23. juli 2019
FøregangarDavid Cameron
EtterfylgjarBoris Johnson
VervInnanriksminister 12. mai 2010–
FøregangarAlan Johnson
VervKvinne- og likestillingsminister 12. mai 2010–4. september 2012
FøregangarHarriet Harman
VervSkuggeminister for sysselsetting og pensjonar 19. januar 2009–11. mai 2010
FøregangarChris Grayling

May har identifisert seg som «One-nation»-konservativ og er blitt omtalt som liberalkonservativ. Ho er den andre kvinnelege statsministeren i Storbritannia, etter Margaret Thatcher.[2][1]

Liv og virkeEndra

BakgrunnEndra

May er fødd i Eastbourne som det einaste barnet til Zaidee Mary (fødd Barnes, 1928–1982) og Hubert Brasier (1917–1981). Faren var prest i Church of England (den anglikanske kyrkja).[3][4][5][6] Begge foreldra hennar døydde brått, faren i ei bilulukke.[7]

Ho studerte geografi ved St Hugh's College ved Universitetet i Oxford.

Frå 1977 til 1983 arbeidde May i Bank of England og frå 1985 til 1997 hjå Association for Payment Clearing Services. Ho var samstundes lokalpolitikar for Durnsford Ward i London-bydelen Merton.[8]

RikspolitikarEndra

May stilte til val til Underhuset i 1992 og 1994, men kom ikkje inn. I parlamentsvalet i 1997 stilde ho til val igjen, denne gongen for den nyoppretta valkrinsen Maidenhead, og blei vald inn i Underhuset. May har hatt ei rekkje roller i skuggekabinett leia av William Hague, Iain Duncan Smith, Michael Howard og David Cameron, mellom anna som skuggeleiar av Underhuset og skuggeminister for sysselsetting og pensjonar. Ho var også styreleiar for Det konservative partiet frå 2002 til 2003.

May blei utnemnd til innnanriksminister og kvinne- og likestillingsminister i koalisjonsregjeringen som følgde parlamentsvalet i 2010. Sistnemnde sat ho i fram til 2012. Etter den konservative sigeren ved parlamentsvalget i 2015 blei ho gjenutnemnd til innanriksminsiter, og blei dermed den lengst sitjande innanriksministeren i Storbtiannia sidan James Chuter Ede (innenriksminister 1945–1951). May har arbeids for politireform, innført ei hardare linje innan narkotikahandheving og introdusert restriksjonar på innvandring.[9]

I slutten av juni 2016 erklærte David Cameron at han ville trekka seg som statsminister etter at bli-sida han leia tapte den britiske folkerøystinga om EU. May var ein av kandidatane til leiarjobben, og blei raskt ein favoritt. Ho vann den første valomgangen hjå underhusmedlemmene til det konservative partiet den 5. juli med ein klar margin. To dagar seinare vann ho stemmene til dei 199 parlamentsmedlemmene, og gjekk vidare til ei avstemning blant partimedlemmene med Andrea Leadsom som motkandidat.[10] Då Leadsom trekte seg som kandidat 11. juli blei May automatisk utnemnd til leiar.[1][11] Etter at David Cameron hadde leia ein siste spørjetime i parlamentet resignerte han formelt framfor dronning Elisabeth II. Derette blei May utnemnd til statsminister i ein ny audiens.[12]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Theresa May to succeed Cameron as UK PM on Wednesday». BBC. BBC. 11. juli 2016. Henta 11. juli 2019. The timing of the handover of power from David Cameron looks set to be after PM's questions on Wednesday. 
  2. Parker, George; Warrell, Helen (25. juli 2014). «Theresa May: Britain's Angela Merkel?». Financial Times. 
  3. The International Who's Who. Europa Publications. 2004. s. 1114. 
  4. Davies, Ben (22 May 2001). «Vote 2001: Key People Theresa May Education and Employment». BBC News. Henta 20 October 2010. 
  5. «Index entry». FreeBMD. ONS. 
  6. «Famous family trees: Theresa May». Blog.findmypast.co.uk. 19 March 2013. Henta 1 July 2016. 
  7. Day, Elizabeth. «Theresa May – what lies beyond the public image?». The Guardian. Henta 10 July 2016. 
  8. Merton Council election results https://www.merton.gov.uk/resstatsborough1990.pdf
  9. «Boring and competent Theresa May is what the nation needs after shock Brexit vote». The Independent. 1. juli 2019. Henta 11. juli 2016. 
  10. «Theresa May v Andrea Leadsom to be next prime minister». BBC News. 8. juli 2016. Henta 8. juli 2016. 
  11. «Theresa May gives first speech as leader of the Conservative party». The Telegraph (London, UK). 11 July 2016. Henta 11. juli 2016. 
  12. Theresa May becomes prime minister, BBC News 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Theresa May