Theropodar
(Omdirigert frå Theropod)
Theropodar var ei gruppe av tofota dinosaurar av biologisk orden Saurischia. Sjølv om dei hovudsakleg var kjøttetande, utvikla ei rekkje theropodfamiliar seg til planteetarar under krittida. Theropodar dukka først opp under carnium-alderen i sein trias for omtrent 230 millionar år sidan, og var dei einaste store terrestriske rovdyra frå tidleg jura til slutten av krittida, ca. 65 millionar år sidan. I dag er dei representerte med over 9 900 nolevande fugleartar, som utvikla seg i sein jura frå små, spesialiserte coelurosauriske dinosaurar.
Theropodar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Overorden: | Dinosaurar Dinosauria |
Orden: | Saurischia |
Underorden: | Theropodar Theropoda Marsh, 1881 |
Blant dei funksjonane som knyter theropodar til fuglar er føter med tre tær, eit gaffelbein/ønskebein (furcula), luftfylte beinstrukturar, og i einskilde fall òg fjør og ruging av egg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Theropoda» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2009.