Third Stage
Studioalbum av Boston
Språk engelsk
Utgjeve 23. september 1986
Innspelt 1980–1986
Studio Tom Scholz's Hideaway Studio
Sjanger Hardrock
Lengd 36:27
Selskap MCA
Produsent Tom Scholz
Boston-kronologi 
Don't Look Back
(1978)
Third Stage Walk On
(1994)


Singlar frå Third Stage
  1. «Amanda»
    Utgjeve: 26. september 1986
  2. «Cool the Engines»
    Utgjeve: 1986
  3. «We're Ready»
    Utgjeve: Desember 1986
  4. «Can'tcha Say (You Believe in Me)»
    Utgjeve: April 1987
  5. «Hollyann»
    Utgjeve: 1987

Third Stage er det tredje studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Boston, gjeve ut 23. september 1986 på MCA Records. Det vart spelt inn i studioet til musikaren Tom Scholz, Hideaway Studio, over ein seks år lang stressande periode «mellom flaumar og straumbrot».[3] Scholz og Brad Delp, vokalisten i gruppa, var dei einaste medlemmane som var att i gruppa frå originalbesetninga. Tekstane på albumet omhandlar tema som aldring og om å arbeide seg gjennom forskjellige stadium i livet sitt. Den første singelen frå albumet, «Amanda», vart ein stor hitt som gjekk til topps på singellista i USA og vart ein av dei mest kjende songane til gruppa.[1] Sjølve albumet selde til 4x platinaplate i USA.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Kerrang!3/5 stars[2]

Bakgrunn og innspeling endre

Etter å ha vunne eit søksmål frå Epic Records, byta Scholz selskap til MCA.[5] Det første sporet på albumet, «Amanda», vart i røynda skriven i 1980 (då Boston byrja på albumet)[5] og vart den einaste singelen deira som nådde toppen av listene. Han låg to veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista i november 1986. Han vart følgd opp av ein ny hitsingel, We're Ready», som nådde niandeplassen. Singlane «Cool the Engines» og «Can'tcha Say (You Believe in Me)/Still in Love» vart òg mykje spelt på radio, og førstnemnde nådde fjerdeplassen på Billboard Mainstream Rock-lista, medan sistnemnde nådde 20. plassen på Billboard Hot 100 i 1987. «Can'tcha Say» er den siste hitsingelen til Boston.

Etter berre tre veker på salslista klatra Third Stage til topps på Billboard 200, der det låg i fire veker.[6] Det var det første CD-formaterte albumet som selde til gullplate (500 000 eksemplar) i USA. Det selde òg til gullplate i LP-formatet. Totalt sett selde albumet til 4x platinaplate.

Albumet var det først Boston-albumet med elektroniske trommer, det første med songar som ikkje var skriven av verken Scholz eller Brad Delp, det første Boston-albumet utan originalmedlemmane Barry Goudreau, Sib Hashian og Fran Sheehan (sjølv om Hashian og Sheehan var med i det tidlege stadiet av innspelinga og Sheehan var oppført som låtskrivar). Trommeslagaren Jim Masdea speler trommer på det meste av albumet . Det var òg det første albumet til Boston, der dei brukte ein Rockman gitarprosessor, som Scholz fann opp. Det er ingen orkesterlydar eller synthesizer på albumet.

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Amanda»Tom Scholz4:16
2.«We're Ready»Scholz3:58
3.«The Launch:
a) Countdown
b) Ignition
c) Third Stage Separation»
Scholz2:55
4.«Cool the Engines»Scholz, Fran Sheehan, Brad Delp4:23
5.«My Destination»Scholz2:19
6.«A New World» (Instrumental)Jim Masdea0:36
7.«To Be a Man»Scholz3:30
8.«I Think I Like It»Scholz, Jon DeBrigard (oppført som John English)4:06
9.«Can'tcha Say (You Believe in Me)/Still in Love»Gerry Green, Scholz, Delp5:13
10.«Hollyann»Scholz5:11

Medverkande endre

Salslister endre

Album endre

Liste (1986) Plassering
Canadian Top Albums[7] 1
Tyske album[8] 25
Den nederlandske albumlista[9] 15
Den svenske albumlista[10] 23
Den sveitsiske albumlista[11] 13
UK Albums Chart[12] 37
US Billboard 200[13] 1

Singlar endre

År Singel Liste[14] Plassering
1986 «Amanda» Billboard Hot 100 1
1987 «We're Ready» Billboard Hot 100 9
1987 «Can'tcha Say (You Believe in Me)/Still in Love» Billboard Hot 100 20

Salstrofé endre

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gull 25. november 1986
Platina 25. november 1986
3× Platina 25. november 1986
4× Platina 26. februar 1987
CRIA – Canada Gull 18. desember 1986
Platina 18. desember 1986
2× Platina 18. desember 1986
3× Platina 20. desember 1986

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Iyengar, Vik. «Boston Third Stage review». AllMusic. All Media Network. Henta 11. september 2011. 
  2. Oliver, Derek (2. oktober 1986). «Boston 'The Third Stage'». Kerrang! 130. London, UK: United Magazines ltd. s. 18–19. 
  3. Third Stage (CD liner). Boston. MCA Records. 1986. 
  4. Buchanan, Brett (22. oktober 2014). «10 Rock Albums That Took Forever to Make». Arkivert frå originalen 31. oktober 2018. Henta 16. mai 2020. 
  5. 5,0 5,1 Pareles, Jon (5. november 1986). «The Pop Life; New Boston Hit a Throwback to 70's». The New York Times (The New York Times Company). Henta 16. mai 2020. 
  6. http://www.thirdstage.ca/boston/articles/newspaper-and-magazine-articles/360-boston-heaven-is-a-reel-to-reel-tape
  7. «100 Albums» (PHP). RPM 45 (9). 22. november 1986. ISSN 0315-5994. Henta 16. mai 2020. 
  8. «Album – Boston, Third Stage» (ASP). Media Control Charts (på tysk). Henta 16. mai 2020. 
  9. «Boston – Third Stage (Album)» (ASP). Dutch Charts. Hung Medien. Henta 16. mai 2020. 
  10. «Boston – Third Stage (Album)» (ASP). Swedish Charts. Hung Medien. Henta 16. mai 2020. 
  11. «Boston – Third Stage (Album)» (ASP). Schweizer Hitparade. Hung Medien. Henta 16. mai 2020. 
  12. «Chart Archive: Top 40 Official UK Albums Archive – 18th Oktober 11986». The Official Charts Company. Henta 16. mai 2020. 
  13. «Third Stage – Boston». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 16. mai 2020. 
  14. «Third Stage Billboard Singles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 11. september 2011.