Don't Look Back av Boston
Don't Look Back Studioalbum av Boston | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. august 1978 | |
Innspelt | 1977–1978 | |
Studio | Tom Scholz's Hideaway Studio Northern Studio, Maynard, Massachusetts | |
Sjanger | Hardrock, arenarock, progressiv rock | |
Lengd | 33:47 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Tom Scholz | |
Boston-kronologi | ||
---|---|---|
Boston (1976) |
Don't Look Back | Third Stage (1986)
|
Singlar frå Don't Look Back | ||
|
Don't Look Back er det andre studioalbumet til den amerikanske rock band Boston, gjeve ut i 1978 på Epic Records.[1][3] Albumet gjekk til topps på albumlista i USA og nådde niandeplassen på Storbritannia. Tittelsporet er ein av dei største hittane til bandet, og nådde fjerdeplassen i 1978 på Billboard Hot 100. Albumet selde fire millionar eksemplar dei første måandane etter det kom ut og har fått 7x platinaplate av RIAA i USA.[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B–[2] |
Dette albumet markerte òg starten på ein rettsstrid mellom bandet og plateselskapet, Epic. Gitaristen, produsenten og hovudlåtskrivaren Tom Scholz hevda at sjefane i Epic pressa han og bandet til å gje ut albumet før dei meinte det var ferdig. Han sa òg at albumet var «latterleg kort. Det trengde ein song til». Det neste albumet deira, Third Stage, kom ikkje ut før etter åtte år, då bandet og selskapet hadde gått kvar sin veg etter ei rettssak som Boston til sjuande og sist vann.
Dei to åra mellom debutalbumet og Don't Look Back er den kortaste tida mellom to Boston-album til no.
Innspeling
endreDon't Look Back vart spelt inn i 1977 og 1978 i studioet til Scholz, Hideaway Studio, utanom pianoet til «A Man I'll Never Be», som vart spelt inn med lydteknikaren Dave Butler i Northern Studio i Maynard i Massachusetts.[3]
Utgjeving
endreDon't Look Back skulle opphavleg ha tittelen Arrival, men Boston oppdaga at ABBA alt hadde gjeve ut eit album med det namnet, så Don't Look Back vart vald ut i staden. Albumet vart feilaktig oppført som Arrival i omslaget til kassettutgåva på den tida.
Billboard skildra albumet som «ei like bra utgjeving [som debutalbumet] som vidare syner kor bra gruppa er til å spele hardrock med ein søt, melodisk base».[5] Ken Emerson i Rolling Stone sa at albumet stadfesta stilen til bandet frå debutplata, men var mindre pretensiøst enn Bruce Springsteen-albumet Darkness on the Edge of Town frå 1978.[6]
«Don't Look Back», «A Man I'll Never Be» og «Feelin' Satisfied» vart alle gjevne ut på singlar og nådde høvesvis fjerde, 31. og 46. plassen på Billboard Hot 100.[7]
Innhald
endreAlle songar skrivne av Tom Scholz, utanom «Party», skriven i lag med Brad Delp, og «Used to Bad News», skriven av Delp.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Don't Look Back» | 5:57 |
2. | «The Journey» | 1:46 |
3. | «It's Easy» | 4:26 |
4. | «A Man I'll Never Be» | 6:37 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Feelin' Satisfied» | 4:11 |
6. | «Party» | 4:07 |
7. | «Used to Bad News» | 2:56 |
8. | «Don't Be Afraid» | 3:48 |
Medverkande
endreI følgje plateomslaget[3]
- Brad Delp – solo- og harmonivokal
- Tom Scholz – sologitar, rytmegitar, bassgitar, orgel, piano, perkusjon, produsent, lydteknikar, arrangør, digital ommastering, konept for plateomslag
- Barry Goudreau – sologitar, slidegitar, rytmegitar på «Don't Look Back», «The Journey», «Used to Bad News» og «Don't Be Afraid»
- Fran Sheehan – bassgitar, perkusjon på «Don't Look Back»
- Sib Hashian – trommer, perkusjon
Salslister
endreListe (1978) | Plassering |
---|---|
US Billboard 200[8] | 1 |
Canada RPM 100 Albums[9] | 1 |
UK (The Official Charts Company)[10] | 9 |
Noreg (VG-lista)[11] | 9 |
Sverige (Hung Medien)[12] | 8 |
Frankrike (InfoDisc)[13] | 13 |
New Zealand (Top 50 Albums)[14] | 17 |
Salstrofé
endreOrganisasjon | Nivå | Dato |
---|---|---|
RIAA – USA | Gull | 25. august 1978 |
Platina | 25. august 1978 | |
4× Platina | 30. oktober 1986 | |
5× Platina | 29. januar 1990 | |
6× Platina | 7. desember 1992 | |
7× Platina | 11. april 1996 | |
RIAA – Storbritannia | Sølv | 1978 |
CRIA – Canada | Gull | Des 1978 |
Platina | Aug 1978 | |
2× Platina | Des 1978 | |
3× Platina | Des 1978 | |
4× Platina | Des 1979 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Don't Look Back (Boston album)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Sendra, Tim. «Boston» Don't Look Back > Review på Allmusic. Henta 16. mai 2020. Det vart produsert av Tom Scholz.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 22. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Don't Look Back (CD liner). Boston. Epic Records/Legacy Recordings. 2006 [1978]. s. 11. 82876 82241 2.
- ↑ «American album salstrofé – Boston – Don't Look Back». Recording Industry Association of America. Henta 16. mai 2020. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
- ↑ «Top Album Picks: Spotlight». Billboard Magazine. 26. august 1978. s. 100. Henta 16. mai 2020.
- ↑ Emerson, Ken (5. oktober 1978). «Don't Look Back». Rolling Stone Magazine.
- ↑ «Boston Chart History». Billboard. Henta 16. mai 2020.
- ↑ Don't Look Back av Boston på Allmusic. Henta 16. mai 2020.
- ↑ «RPM 100 Albums». RPM (archived at Library and Archives Canada) 30 (3). 14. oktober 1978. Henta 16. mai 2020.
- ↑ «Don't Look Back». Official Charts Company. Henta 16. mai 2020.
- ↑ «Boston - Don't Look Back». norwegiancharts.com. Henta 16. mai 2020.
- ↑ «Boston - Don't Look Back». swedishcharts.com. Henta 16. mai 2020.
- ↑ «Le Détail des Albums de chaque Artiste» [Album Details for Artist] (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 23. juni 2010. Henta 16. mai 2020. Select BOSTON then click OK.
- ↑ «Boston – Don't Look Back». charts.nz. Henta 16. mai 2020.