Thomas Crecquillon

fransk-flamsk komponist

Thomas Crecquillon (Thomas Crequillon) (ca. 1505 – truleg tidleg 1557) var ein fransk-flamsk komponist i renessansen. Han vert rekna som eit medlem av den flamske skulen. Ein kjenner ikkje til kvar han vart fødd, men det var truleg i regionen som då vart kalla Nederland og han døydde truleg i Béthune.

Thomas Crecquillon

Føddca. 1505
FødestadFrankrike
Dødca. 1557
DødsstadBéthune i Frankrike
OpphavHabsburg Netherlands
Aktiv1544-1557
SjangerRenessansemusikk
Verka somKomponist

Ein kjenner særs lite dei tidlege åra hans. Han var medlem av kapellet til keisar Karl V, men om han var maître de chapelle eller berre ein songar veit in ikkje visst sidan dokumenta frå denne tida er noko motstridande. Seinare ser han ut til å ha hatt stillingar ved Dendermonde, Béthune, Leuven og Namur. I motsetnad til mange av komponistane av den flamske skulen ser han ikkje ut til å ha reist til Italia eller andre delar av Europa. Truleg døydde han i 1557, kanskje i pesten som råka Béthune dette året.

Musikken til Crecquillon vart høgt verdsett av hans samtidige og syner ein harmonisk og melodisk glattheit som varslar den polyfoniske stilen til Palestrina. Han skreiv tolv messer, over 100 motettar og nesten 200 chansons. Stilmessig nytta han imitasjonsprinsippet, på liknande måte som Josquin des Prez, i nesten alle dei religiøse verka sine (messene og motettane). Dette følgjer trenden på denne tida mot gjennomtrengande imitasjon og polyfonisk kompleksitet. I motsetnad til Josquin, varierer Crecquillon sjeldan teksturen sin for dramatisk effekt, og føretrekte heller glattheit og konsistens.

Dei verdslege chansons han skapte nytta òg denne imitasjonsteknikken, i motsetnad til dei fleste andre komponistane på hans tid. Sidan dei var hermande var chansonane hans ein av dei beste modellane for den seinare utviklinga av den instrumentale canzonaen, som har direkte utvikla seg frå chanson. Mange av chansonane hans vart arrangerte for instrument, særleg lutt.

Trykkarane Pierre Phalèse (frå Leuven) og Tielman Susato (frå Antwerpen) publiserte meir musikk av han enn av nokon annan komponist, og syner det gode ryktet han hadde på denne tida. I dag er derimot ikkje musikken hans like mykje innspelt som andre flamske komponistar frå denne tida.

Notar endre

Litteratur endre

  • Gustave Reese, Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. (ISBN 0-393-09530-4)
  • "Thomas Crecquillon." The New Grove Dictionary of Music og Musicians, ed. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. (ISBN 1-56159-174-2)

Kjelder endre